History
-
Informasjon frå gjevar:
Kjolen er sydd av fallskjermsilke frå andre verdskrigen. Det var stor mangel på stoff i etterkrigstida. Fallskjermen vart funne av Johan Råd rett etter andre verdskrigen i ei fallskjermkasse i eit tysk lager på Tromsøya. Johan var bror til Kjell og Aslaug. Johan var major i det engelske luftforsvaret under krigen. Johan var flygar, han markerte mål med lysbombe, så kom andre etter og bomba. Heile krigen var han i England.
Etter krigen fikk han oppdrag i Nord-Norge på Tromsøya, på Skattøyra flyplass. Han arbeidde med gjenoppbygginag etter krigen. Dette området greide ikkje tyskarane å brenne, slik dei greidde lenger nord. Her på Tromsøya stod difor eit tysk lager att etter andre verdskrigen.
Fallskjermen var kvit og av ekte, finaste silke. Ved juletider 1946 fekk Aslaug, søstera til Johan, fallskjermsilke til å sy seg russekjole av. Det vart også sydd bluser og dukar av silka. Barnebarna til Aslaug har også brukt kjolen.
Russekjolen hadde fire striper med raude band nedst. Året etter, til 17.mai, vart to av dei skift ut med blå. Prøver av desse banda er knytt fast til eine ermstroppen.
Aksesjon: 2005
Relation
- Object/Work – ComponentsThingFallskjermkassa som fallskjermen i silke låg i. Silke kjolen er sydd av. (PROVISORISK207)
Classification
-
- Drakt, voksen, kvinneOU 291.42
- Drakt, kroppOU 291.72
- KrigOU 720
- Krigens ettervirkningerOU 727
- Høyere undervisningOU 873
- StudenterOU 877
License information
- License Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Metadata
- IdentifierNFM.2005-00004
- Part of collectionNordfjord Folkemuseum
- Owner of collectionSogn og Fjordane
- InstitutionNordfjord Folkemuseum
- Date publishedSeptember 9, 2014
- Date updatedAugust 18, 2020
- DIMU-CODE011025127628
- UUID2e728de0-a3f3-4210-9955-560f4b342d90
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».