History
-
-
Det ser ut til at NFM.1990-00332 er ei bok med utdrag i frå fleire forskjellige bøker. Sidan dei fremste sidene manglar er det vanskeleg å heilt sikkert identifisere boka. Ut i frå vi har bevart, har det vore mogleg å identifisere seks forskjellige delar av boka. I fleire av desse delane har det også vore mogleg å identifisere forfattar, boktrykkar, trykkstad og/eller trykkeår. Det som er spesielt er at ingen av opplysningane frå NFM.1990.00332 samsvarar med publikasjonar i frå nokon av forfattarane eller boktrykkarane på dei gitte trykkstadane eller årstala.
Til å søke opp desse opplysningane har Universal Short Title Catalogue (http://www.ustc.ac.uk/) blitt nytta. Det er ei database over alle bøker som er bublisert i Europa frå printepressa si byrjing og fram mot slutten av 1700-talet.
Oversikt over dei seks delane i boka:
Del 1:
Den første delen av boka består av salmer. Dei første sidene manglar og det er ingen informasjon om forfattar, boktrykkar, trykkstad eller trykkeår. Øvst på sidene står det "Aandelige Psalmer"
Del 2:
Ein liten huspostill. Fleire sider er rivne ut. Siste sida er signert Doctor.
Del 3:
Forfattaren til lesaren og forklaring på to kapittel i bibelen. Forfattaren er Doctor Johannes Bugenhagen Pomern og overskrifta til dei to bibelversa er: "Det 53 Capittel aff den Prophete Esaia/ om Jesu Christi Død oc Pine/ om hans ærefulde opstandelse". Den består av 6. sider. "Om Jesu Christi Tilkompst paa den Nderske dag/aff det 25. Capittel Mathei". Den består av 5 sider.
På siste sida i del 3 står det Trykkstad, boktrykkar, bokforhandlar og trykkeår.
"Prentet i Kiøbenhaffn hoss Andreas Gutterius paa Baltser Kaufis/ Borgeris oc Bogføreris der sammeskeds bekaastning. Det findis hos hannen kiøbs. Anno M.D.LXXX".
Det er ikkje publisert noko av verken forfattar, boktrykkar eller forhandlar som kan minne om denne boka i 1580.
Del 4:
Om Jerusalem og jødenes fall.
Forfattar er Johannes Bugenhagen. Det er også skriven eit forord til lesaren av Peder Tideman.
På fremste side av del 4 står det: "Jerusalem oc Jøderneis iemmerlige oc ynekelige forstøring/kaartelige aff Josephs historie fordansket. Kiøbenhaffn. Cum Gratia & Privilegio".
Del 5:
Huspostill på 12 sider.
"Nogle visse tegn/somskee skal for Dommen Taget aff Postillen/den anden Søndag i Advent. Der skulle skee tegn i Solen.
Siste side av del 4 er identisk med del 3. Trykkstad, boktrykkar, bokforhandlar og trykkeår.
"Prentet i Kiøbenhaffn hoss Andreas Gutterius paa Baltser Kaufis/ Borgeris oc Bogføreris der sammeskeds bekaastning. Det findis hos hannen kiøbs. Anno M.D.LXXX".
Det er ikkje publisert noko av verken forfattar, boktrykkar eller forhandlar som kan minne om denne boka i 1580.
Del 6:
Ein bønnebok. Denne delen er omtrent halve boka.
På første side står det tittel, forfattar, boktrykkar, trykkstad og trykkeår.
"En liden Bønebog Met atskillelige kaarte Bøner allehaande. Nød oc Trang. Ungdotnen oc Menige Mand tilsammen dragen oc fordansket aff Rassmus Hanssøn R. Johan (..). Beder saa skulle i faa Prentet i Kiøbenhaffn/Aff Matz Vingaard 1588".
-
Produksjon - 1580 — 1588 (Ulike trykkeår oppgitt forskjelliga plassar i boka.)
-
Classification
-
- Litteratur (Outline) OU 538
- Trosforestillinger (Outline) OU 770
License information
-
License
Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Metadata
- Identifier NFM.1990-00332
- Part of collection Nordfjord Folkemuseum
- Owner of collection Sogn og Fjordane
- Institution Nordfjord Folkemuseum
- Date published September 9, 2014
- Date updated September 11, 2021
- DIMU-CODE 011025124502
- UUID 4F95A114-9837-4F15-8E57-42850134C909
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».