Kep (nårskar/herakast). Ytterplagg. Halslinning der det har vore store hekter til lukning, ei er att. Stoffet er sydd med fleire rynker inn i halslinninga og fell rett nedover. Han ...
Kep (nårskar/herakast). Ytterplagg. Halslinning der det har vore store hekter til lukning, ei er att. Stoffet er sydd med fleire rynker inn i halslinninga og fell rett nedover. Hang i Esterfjøsen på Gimmestadstølen til bruk for stølsjenta og tulen den dagen dei hadde gjetinga, fram til 1947.
About the object
aboutKep (nårskar/herakast). Ytterplagg. Halslinning der det har vore store hekter til lukning, ei er att. Stoffet er sydd med fleire rynker inn i halslinninga og fell rett nedover. Hang i Esterfjøsen på Gimmestadstølen til bruk for stølsjenta og tulen den dagen dei hadde gjetinga, fram til 1947.
I fylgje informantar (i manns minne) slik det er referert til i "Jul i Nordfjord" 1981, kunne kepane brukast til fest først, og seinare til uvèrsplagg.
Både menn og kvinnar brukte kepar, men kvinnfolk-kepane var truleg kortare enn mannfolk-kepane.
Kepane vart nok våte i regn, men vatnet trekte liksom nedover inne i tyet, slik at han som hadde kepen på, ikkje vart våt, sjølvom væta kunne knipast av nede. Kepane vart brukt i regn, men ikkje i kulde. Då var dei varme og gode.
Bruken som er oppgjeve er både på slåtteteigen, som arbeidskle til støyl og ned til sjøen når det regna, til reise og til kyrkje, i skog og mark eller gardimellom og som "våseplagg".
Kepen har vore kalla regnkåpe, lausekåpe, regnslag.
LitteraturreferanseJul i Nordfjord 1981. Firda Ungdomslag. Sandane.
s.28-31:
"Kep til nordfjordbunad" Skrive av Petter Eide for bunadsnemnda i Firda Ungdomslag
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».