Lange bein med vrangbord kring okle. Frontopning med 3 knappar og knapphol (splitt). Forsterkning av lereft kring beltestad som går ned i spiss i front. Påsydde 4 hemper i front for selestropper som ein smette gjennom før dei vart tredde inn på knappar på dressbuksa og såleis hindra underbuksa i å siga ned. Karane brukte vest utanpå som skjulte hempene.
Vaska januar 1994
Photo:
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum