Enkeltspent jakke med ein knapp til lukning. Ikkje sidesaumar. Formsydd. Saum midt bak, og ein som svingar ut mot ermringningen. Innsnitt framme frå ermringningen til lomma. Ei paspoilert lomme på kvart framstykkje. Liggjande krage med spisse slag i eit rilla ty. Knapphol på venstre slaget. Handsydd for med legg midt bak og på kvart framstykkje. Paspoi- lert lomme i høgre sida, vertikal paspoilert lomme i venstre sida i foret. Ermane har splitt med 3 knappar.Isydd hempe bak. Minneord over Major Tang i Historielagets Tidsskrift Nr.17.1955
Photo:
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum