Samansydd av 2 delar: hovudstykke tilnærma rektangulært,ca. 86 * 39 cm. Linningen rundt hovudet er ca. 49 * 8,5 cm. Hovudstykket. er tett nålerynka på eit 12 cm. breidt felt midt på hovudet. På kvar side av dette feltet vil huva gå framfor linningen som to "horn". Tyet er deretter glatt 3 cm, rynka 5 cm ,glatt 10 cm. I falden på hovudstykket og endane på linningen er det klypt hol til lereftsbandet med jamne mellomrom.Ved å trekkje huva saman med bandet vil ein få regelmessige rynker,og huva vil få sin karakteristiske fasong. Nytta til sognedrakt.
Photo:
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum