Bolen klypt i 2 like deler, dobbel kile, liningar og stem. Lagde saumar. Runda lining framme, rett lining bak. Framstykke glatt, bakstykke rykt til lining. Splitt i båe sider, forsterka med lereftsstem. Utan knapping. På kvar side av liningen festa bendelband på fram- og bakklaff til å knyte kring livet. Ein trong ikkje ta ned framklaffen når ein gjekk på do. Dobbel kile i skrittet. Buksebeina rekk til under kneet, bendelband til å knyte kring leggen. "Klaffabroki" avløyste "klovabroki". Har tilh. gjevars mor.
Photo:
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum