a) Kåpe til stor dokke av melert ullstoff i kypertbinding. Besetning på krage og ermar av bomullsfløyel. Skrådde breidder og saum i rygg. 4 legg i rygg. Stem framme og lukka med 5 knappar av celluloid og knapphol Krok og lykkje i halsopning. Stor overliggande "kuske"- krage kanta med fløyel. Erme rynka til skuldersaum (skinke- erme). Hempe i nakken. Omsydd av ein frakk som tilhøyrde gjevarens far.
Til kåpa høyrer DHS 19894 b : kyse til stor dokke av same stoff som DHS 19894 a. Kanta med brun bomullsfløyel og med fløyels- sløyfe på toppen. Vanleg kysefasong samansett av 1 midt- stykke og 2 sidestykke. Hakeband av brun bomullsrips. For av blå silke.
Photo:
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum