History
-
-
1 himmelseng
Seng av furu. Gavlene brunmåla (flamma). Sengetilet manglar. Til sengi høyrer ein "himling" som vart båren av 4 dreia søyler. Desse hev frå fyrst av vore høgre. Midt i kvar søyla (øverst) er ein jarntapp til å halda himlingen på plass. Eine søyla er avslegi, men seinare restaurert. Største lengd og breidd: 187,5 sm x 126 sm. Himlingen er av furu med pålimt finer på sidorne utvendig. Midt på kvar gavl og langsida opp på råma er limt på eit trekanta stykke med ei lengd av 57 sm og høgd av 22,5 sm for gavlstykke og 60 sm x 22 sm for langsidene. På desse som er belagt med ljos finer er innrissa i fineren eit bilete av "Merkur kvilande". I rissa er havt eit svart fargastoff for å få betre effekt. Under dette er eit myrkare felt (myrkebrun flamma finer). Midt på dette feltet er innlagt med ljos finer bilete av eit løvehovud og på kvar sida av dette eit bladornament med blom (kapsel). På båe sidor av midtfelti er eit ljost felt og so eit myrkebrunt med innlagt arbeid i kantane. Øverst på kvart hyrna hev det vore pålimt eit eller anna til dekorasjon som no er burte. Stiftane som heldt forhenge står enno att nederst på himlingen. Himlingen hev ein gong i tidi vore saga av i gavlane og i hopsett att. Største lengd og breidd: 191,2 sm x 128,6 sm.
Gåve frå H. Nordanger, Sylvarnes.
-
Bruk
- Brukssted Norge Vik Sylvarnes gnr/bnr 71 antatt
-
Aksesjon - June 5, 1945 (SLV)
-
Classification
-
- Senger OU 513.2
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier DHS.17985
- Part of collection De Heibergske Samlinger
- Owner of collection Sogn og Fjordane
- Institution De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum
- Date published September 9, 2014
- Date updated September 9, 2014
- DIMU-CODE 011025100532
- UUID 97d3ff75-49a0-4d00-8299-462453ec5bca
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».