History
-
-
Spytteflasken har vært brukt ved Lyster Sanatorium - Harastølen også kalt Luster sanatorium.
Lyster Sanatorium ble bygget av St. Jørgen Stiftelse i Bergen og innviet i 1902. Det skulle tjene som tuberkulosesykehus for Vestlandet. De fleste pasientane kom fra Bergens-regionen, men det kom pasienter fra hele landet. Sanatoriet var i drift fram til midten av 1950-talet.
Fra Fylkesleksikonet til NRK Sogn og Fjordane:
"Tørt klima, fureskog og helst i tynn fjelluft. Det var resepten ein trudde på i gamle dagar for å kurere folkepesten tuberkulose. På Harastølen fann ein heile "pakken" - den låg på ei høgde og i eit klima som ein på den tida rekna som "immunsona" mot sjukdomen.
I 1900 var planane for Harastølen klar. Sjukehuset i tre høgder skulle få 96 senger og moderne kur- og operasjonssalar. Ved ei utviding i 1924 vart kapasiteten auka til 120 senger, og var komen opp i 150 senger i 1950.
Byggeplanen i 1900 omfatta også eige vaskeri, stall og ishus - og ikkje minst ei elektrisk driven taubane frå dampskipskaia ved fjorden og opp på "fjellhylla". Det skulle også byggast ein 6 km lang veg med 13 svingar opp lia.
Anlegget vart innvia den 2. november 1902. Nokre år seinare vart det også bygt overlegebustad, to familiebustader for fyrbøtar og gartnar, og "søsterbustad" for pleiarane. Harastølen fekk også eige kapell med likhus.
Det første behandlingstilbodet - før vaksinen mot sjukdomen kom etter 2. verdskrig - var delvis operasjonar - delvis ulike kurar. Kurane på Harastølen besto m.a. i at pasientane skulle luftast dagleg. Dei skulle "kurast", som denne luftinga vart kalla. Der låg dei sommar som vinter på uttrilla senger, godt innpakka i posar av reinsdyrskinn. Ein svær baldakin langs heile sørveggen heldt regn og snø borte frå lufteplassen. Rundt sjukehuset var det bygt ein stor park med spaservegar der pasientar som var sterke nok til det, kunne mosjonere.
Oparasjonsteknikken besto mykje i såkalla "blåsing". Når tuberkulosen angreip lungene, åt den nærmast opp vevet - tærte det - slik at det danna seg store holrom i lungevevet.
Desse galdt det å tette att, og det vart gjort ved at ein punkterte lungehola slik at den sjuke lunga klappa saman der holromma hadde danna seg, og såra grodde saman.
Dei som hadde teke desse operasjonane dei var litt skeive i ryggen og nedsigne i skuldra på den sida som dei var lungeopererte. Moderne legar karakteriserer denne operasjonsmetoden som temmeleg effektiv.
Frisk og tørr luft, gjerne i fureskog skulle gjere godt. Det same skulle god og næringsrik kost vere. Pasientane på Harastølen vart nærmast feita opp på kraftig mat, og sjukehuset hadde eigen grisefjøs der ein syrgde for at grisane fekk eit ekstra tjukt spekklag før dei vart slakta og borne til bords!
Elles var det vanleg at pårørande og andre velgjerarar sende mat og godsaker i rikelege mengder til pasientane på Harastølen.
Avstanden ned til bygda, smittefåren ved sjukdomen og at dei fleste pasientane var tilreisande, gjorde Harastølen til eit nokså avsondra og lukka samfunn. Sanatoriet hadde til og med eige postopneri.
På Harastølen utvikla det seg difor eit eige sosialt liv. Heile komplekset vart i 1902 bygt slik at kvinner og menn vart strengt avskilde: Det var to sengefløyer, operasjons- og kurrom og eigne matsalar for kvart av kjønna. Denne kjønnsdelinga heldt ein strengt på heilt til ei større ombygging i 1937.
I kampen mot tuberkulosen kom det eit gjennombrot - det skjedde like etter 2. verdskrig. Då kom effektive vaksinar mot sjukdomen, og ein stor del av den norske befolkninga vart vaksinert mot tuberkulose i løpet av få år. Dermed var grunnlaget borte for drifta av Lyster Sanatorium. Men andre tok over bygningane."
-
Eierskap - (Usikker)
- Tidligere eier Lærum, Ole Didrik antatt
-
Bruk - 1902 — 1950 (Sanatoriets virketid )
- Tidligere plassering Norge Sogn og Fjordane Luster Sogn
-
Utstilling (Bruk) - June, 2003 — April, 2010 (Sikker)
Utstilt i Sunn sjel i et sunt legeme - Bruker, ikke eier Norsk Teknisk Museum sikker
- Brukssted [Oslo] sikker
-
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier NTM 28384
- Part of collection NTM
- Owner of collection Norsk Teknisk Museum
- Institution Norsk Teknisk Museum
- Date published August 11, 2014
- Date updated November 1, 2022
- DIMU-CODE 011024240906
- UUID 72b28a7b-f566-40e1-a655-9881a64b49a1
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».