Part of exhibition
History
-
-
Traktorane slepte reiskapane etter seg, og verka i prinsippet som hestane. Denne traktoren representerte noko heilt nytt. Bonden kunne sitja på ein Ferguson-Brown, løfta og seinka reiskapane og styra kor djupt han ville pløya. Harry Ferguson tok patent på teknologien som gjorde dette mogeleg, det hydrauliske trepunktsopphenget, allereie i 1928. Men først med denne traktoren kom det på marknaden.
Ferguson-Brown mod A blei berre produsert i 1350 eksemplar frå 1936 til 1939. Dei 550 første traktorane hadde Coventry Climax motor, dei neste motor som Brown bygde sjølv. Størstedelen av traktoren var i aluminium. Det gjorde han lett, men også kostbar. Trass i aggressiv marknadsføring byrja det å hopa seg opp traktorar på lager allereie i 1937.
Christian Eik i Eiks Maskinforretning A/S blei merksam på traktoren gjennom rosande omtale i eit engelsk fagblad våren 1937. Han bad Harry Ferguson om å få bli forhandlar. Eik demonstrerte Ferguson Brown på Hole og Sele i Klepp, og Sola kommunegård 8.april i 1938.
Redaktør Aanestad i Bondevennen konkluderte: «Et fantastisk fint og solid reiskap som vi venter det av engelsk fabrikat,» men Aanestad meinte traktoren var for kostbar til at det kunne svara seg å kjøpa han.
Helge Ulverud i Norsk Landbruk var meir positiv: «Genialt reiskap, traktoren oversteg de dristigste forventninger,» meinte han.
Prosjektet blei ein skuffelse for Eik. Traktoren var dyr i innkjøp og i drift, og fekk mykje negativ merksemd frå konkurrentane.
Jærmuseet fekk traktor nr. 715 frå Christian Eik, ein av dei 29 han tok inn i landet våren 1938. Traktor nr. 722 tok Harry Ferguson til USA, og viste til Henry Ford.
Produksjonsnummer: 869
Pris med jarnhjul: kr 5.200. Pris med gummihjul: kr 6.000. Dei kunne få ein plog som høyrde til for 725 kroner levert med rullekniver og skumskjær.
Det geniale med konstruksjonen var måten plogkoplinga overførte den motstanden som plogen møtte i jorda til ei kraft som pressa traktoren ned og dermed gav betre hjulgrep og betre sluring. Dette var noko heilt nytt. Med ei vekt på bare 838 kg kunne traktoren gjera arbeid som tidlegare hadde kravd langt sterkare og tyngre traktorar.
Den firesylindra bensinmotoren var sideventilert og utvikla 20 hestekrefter. Sylinderdiametern var 82 mm og slaglengda 100 mm. Traktoren hadde tre gir framover og eitt bakover. Farten var frå 2,7 til 8,0 km/time framover.
Traktoren er i original stand.
-
Produksjon - 1938 (CA)
- Produsent Brown, David sikker
- Production place Storbritannia Huddersfield (England)
-
Bruk
- Brukssted Storbritannia England sikker
-
Relation
Classification
-
- Jordbruk OU 240
- Jordbruk i sin alminnelighet OU 241
- Landbruksmaskiner OU 407
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier JÆG1994.15.01
- Part of collection Jærmuseet
- Owner of collection Jærmuseet
- Institution Jærmuseet
- Date published May 30, 2014
- Date updated April 3, 2018
- DIMU-CODE 011024079597
- UUID e41f2a09-fdb8-437f-917c-01bf358e01e0
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».