History
-
Denne modellen blei produsert i åra 1917-1919 i tilsaman 8900 eksemplar.
Mogul 10-20 har ein ein-sylinders motor. Det er kjedeoverføring av kraft frå motor til hjul. Traktoren veg nærare 2,5 tonn.
Mogul og Moline er to av dei traktormerka som blei mest brukt her i landet mot slutten av 1.verdskrigen og dei næraste par åra etter. Det var staten som stod for import av Mogul. I 1917 blei det innført 30 stk. Mogul 8-16 med to- og tre-skjers plogar til. I 1918 blei det kjøpt 200 stk Mogul 10-20, deriblandt dei to Mogul-traktorane til Jærmuseet. Storparten av traktorane blei selde på Austlandet.
Denne Mogulen har tilhøyrt ein storgard, Stein gard i Ringsaker. Traktoren er restaurert av Torleif Håland på oppdrag av Jærmuseet. Fleire delar måtte erstattast og lagast nye: nye skjermar, festejern, vinkeljern til hjul, nytt bremseutstyr, drag, røyr på vasstank, framhjulsaksling og ny skjaltegaffel til kløtsj.
Produksjon: 1918
- ProdusentInternational Harvester Co.sikker
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierJÆG1986.04.01
- Part of collectionJærmuseet
- Owner of collectionJærmuseet
- InstitutionJærmuseet
- Date publishedMay 30, 2014
- Date updatedMarch 18, 2023
- DIMU-CODE011024079496
- UUID61b3ae47-caee-42de-bee0-92c473138ce0
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».