Part of exhibition
History
-
Harry Ferguson demonstrerte Ferguson-Brown Model A og trepunktsopphenget for Henry Ford i 1938. Han blei begeistra, og dei inngjekk The handshake agreement. Ford skulle stå for produksjonen av ein traktor med Ferguson sitt hydrauliske system. Ferguson skulle stå for sal og marknadsføring.
Ford-Ferguson 9N kom i 1939, og blei produsert til 1942. Då blei den elektriske startaren fjerna og erstatta med magnettenning og sveiv, og gummihjula blei skifta ut med jernhjul. Modellen blei kalla Ford Ferguson 2N. Etter krigen blei elektrisk startar og gummihjul standardutstyr igjen, men dei heldt på namnet 2N. Traktoren blei produsert til 1948.
Ford Ferguson 9N var liten, lett og hadde eit godt forhold mellom vekt og kraft. Han kunne gjera same arbeidet som traktorar til dobbel pris og dobbel vekt. Han var lett å bruka, og lett å starta. Og han gjekk så stille at Ford meinte ein kunne installera radio. Ford Ferguson 9N blei ein stor suksess. Traktoren blei modell for alle dei mindre traktorane som kom etter, heilt opp til vår tid.
Norge var eit fattig land etter andre verdskrigen. Det var mangel på valuta, importen var strengt regulert og først etter 1951 kunne bøndene fritt bestilla traktorar. Det opna for kamp mellom forhandlarane om marknadsdelane. Dessutan var ikkje landbruks- og forsyningsdepartementa einige. Dragkampen var del av ein næringspolitisk strid om prioriteringane i jordbruket. Resultatet var at særinteressene fekk spelerom, og jordbruket fekk heller gammaldagse og lite eigna traktorar.
Ford Ferguson 2N var den mest moderne traktoren ein kunne få i 1946. I februar det året kom det inn 270 2N til Norge, denne traktoren var kanskje ein av dei? Han er måla blå, men den opphavlege gråfargen skin gjennom nokre stader. Fabrikkmerkene er nye.
Produksjon: January, 1946 - June, 1946
- ProdusentFord Motor Companysikker
- Production placeUSA Michigansikker
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierJÆG1986.03.01
- Part of collectionJærmuseet
- Owner of collectionJærmuseet
- InstitutionJærmuseet
- Date publishedMay 30, 2014
- Date updatedNovember 4, 2022
- DIMU-CODE011024079495
- UUID84f885ea-5e11-46fe-a998-e236fff3c3c2
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».