History
-
Mål: B: 19 legg
Mål: L: 27 fot
Utfyllende opplysninger:
Sauekvit ull. mønsterstrikka vriuband. Grovt 3-tråders heimspunne garn. r=rett, vrd=vridd, vrg=vrang. Opplegg 88 masker. 1 omg. r. 1 omg vrg, 6 omgr r, 1omg vrg, 13 cm glattstrikking, og så mønster. På denne sokken er der ikkje auka ut noko til mønsteret, men ein tek til å auke midt bak til leggen etter 4 omg med mønster. Mønsteret midt bak som der er auka og fellt inntil, er 2 r, 2 vrg, 2 r. På kvar side av dette mønsteret er der auka 1 maske annankvar omgang (somme plassar tredje kvar) til ein har auka 16 masker på kvar side. Den maske som skal fellast er alltid vrang, mønsteret er måta til slik. Når ein så begynner å felle, feller ein denne vrange maska saman med den vridde på sida. På vranga blir der då som ein samanhangande strek av rette masker. Ein feller 2 m tredjekvar omg 8 gonger, strikkar 7 omganger utan å felle, feller så 2 m tredjekvar omgang 4 gonger, strikkar 8 omg utan å felle, feller 2 m, 5 omg utan å felle, feller 2 m, og resten utan å felle (6cm.)Nederst blir der då att 1 vrd, 1 vrg, 2 r, 2 vrg, 2 r, 1 vrg, 1 vrd (desse 2 vridde har fulgt perlemønsteret på innsida heile tida) Mønsteret som er bak på leggen (det feltet som er auka) er i 3-dobbel perlestrikking. (sjå prøvebok, felt 1), dvs. at der er strikka 1 r, 1 vrg 3 omg over kvarandre, og så strikkar ein den vrange over den rette og omvendt 3 omganger. Så kjem (frametter sokkene på begge sider) 1 vrg, 1 vrd, 1vrg, 1 vrd,4 r (flette, Felt 3), 1 vrd, 1 vrg, 1 vrd,1 vrg,1 vrd, 4 r (flette, Felt 2), 1 vrg,4 r (flette, Felt 2), 1 vrd, 1 vrg, 1 vrd, 1 vrg, 1 vrd, 4 r (flette, Felt 3), 1 vrd, 1 vrg, 1 vrd, 1 vrg, 1 vrd, 4 r (flette, Felt 2), 1 vrg, 4 r ( flette, Felt 2). Denne siste fletta er midt framme. Flette, Felt 2 finst altså 3 stader på sokken, og flette , Felt 3, 4 stader.Mønsteret framme, heilt til flette, Felt 2 midt på begge sidene (denne blir halvert), gjeng langt ut på foten. Resten av mønsteret gjeng ned til hælen. Hælen er strikka som tungehæl, dvs at 4 masker midt bak er strikka heile vegen under hælen, og dei andre maskane er fellt inntil disse 4. Dette er same hælen som sokk NF.1906-1174AB. Tåa er fellt så det blir 4 striper frå kvar sin kant, som på sokk NF.1906-1174AB. Prøve, felt 1: 3-dobbelt perlestrikking (alt beskreven). Prøve, felt 2: 2 fletter, fletta mot kvarandre, med 1 vrang imellom. Kvar av dei er over 4 masker. Dei 2 ytste vrir ein over de 2 inste. så 4 omg utan å vri,og så dei 2 inste over dei 2 ytste att, og 4 omg utan å vri. Prøve, felt 3: Flette over 4 masker, med ein vridd på kvar side. Ein vrir dei 2 maskene frå venstre over dei 2 frå høgre. Så strikkar ein 4 omg utan å vri, og vrir så på same måten att. Tilstand: Hælen er åpen midt bak, og tåa er svært fillete. Midt framme, nokså langt nede på mønsteret, har ein del masker rakna. Sign: Olav Aamlid 1975 Tidligere museumsnr. 5552
Bruk
- BruksstedNorge Telemark
Aksesjon: 1906 (Dep.)
- Deponert fraUniversitetets etnografiske museum
Classification
-
- DraktOU 291
License information
- License Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Metadata
- IdentifierNF.1906-0675AB
- Part of collectionNF
- Owner of collectionNorsk Folkemuseum
- InstitutionNorsk Folkemuseum
- Date publishedApril 7, 2014
- Date updatedSeptember 25, 2017
- DIMU-CODE011023130244
- UUID460ce1f5-1af7-4d63-a289-432f42c96a43
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».