Includes 2 objects
History
-
Denne veven har både ein kort (102cm) og lang (205 cm) "innmat", slik at ein kan veve både store og små teppe.
Lars Kinsarvik, treskjærar og folkekunstnar var far til Malli Revheim. Han var og ven med Gerhard Munthe, difor fekk han teikning med havfruer som motiv (Havfrueteppe) for at Lars skulle skjære dette ut i tre. Men dottera Malli var utdanna biletvever så ho vov etter denne teikninga. Lars Kinsarvik bygde veven for at Amalie (Malli) Revheim skulle veve dette teppet (ca 1920).
Kopi av dette teppet heng i Revheimstova på Osterøy museum og er vove av Wenche Nonås i 1986-87.
(sjå Opplysninger - interne)
Marta Kløve Juuhl (f.1950) brukte denne veven 2011/2012. Ho vov eit golvteppe i billetvev for Norsk Folkemuseum på Bygdøy. Dette teppe var 180 x 220 cm og då trongs ein så stor vev. For Folkemuseet var det viktig at teppet vart vove i akkurat denne vevstolen, då teppet skulle ligge i ei leiligheit der interiøret var frå tidleg 1900 og skulle illudere ein bustad for folk som var oppteken av det nye sjølvstendet vårt og vår norske kultur.
Sjå artikkel i Bygdanytt 20.mars 2012
Relation
-
Object/Work – Components14 related objects
- ThingSidestykke venstre (OM.12183-1)
- ThingSidestykke høgre (OM.12183-2)
- ThingStrekkbom lang - oppe (OM.12183-4)
- ThingVarpbom lang (OM.12183-3)
- ThingStøttebom lang - nede (OM.12183-5)
- ThingTøybom lang (OM.12183-6)
- ThingSkeislag langt (OM.12183-7)
- ThingVarpbom kort (OM.12183-8)
- ThingTøybom kort (OM.12183-9)
- ThingStrekkbom kort - nede (OM.12183-10)
- ThingStrekkbom kort - oppe (OM.12183-11)
- ThingSkeislag kort (OM.12183-13)
- ThingKiler (OM.12183-14)
- ThingStøttebom kort - nede (OM.12183-15)
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierOM.12183
- Part of collectionOsterøy Museum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionMuseumssenteret i Hordaland
- Date publishedMarch 18, 2014
- Date updatedNovember 21, 2023
- DIMU-CODE011022819326
- UUID94b2e684-b89c-441e-83ce-d46b4fded972
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».