History
-
Dette er ei såkalla 'maco-maskin', som strikka metervare til undertøy av varemerket Krone-maco, produsert ved Salhus Tricotagefabrikk(1859-1989) i Salhus utanfor Bergen. Fabrikken hadde to rekkjer av desse maskinene ståande på strikkeloftet i fabrikken, det kan ein sjå på arkivbilete frå fabrikken. Flesteparten av desse vart truleg kassert når ein kjøpte nye maskiner, men denne maskina vart tatt ut av produksjonen og teke vare på, kan hende med tanke på å kunne brukast som reservemaskin.
Desse maskinene strikkar oppover, i motsetnad til dei fleste andre strikkemaskinene i museet sitt eige. Tidlegare strikkar ved Salhus Tricotagefabrik, Johannes Kalvik, fortel at på nokre av strikkemaskinene måtte ein løfte ned stoffruller når dei vart fulle, og at desse tunge løfta gjorde sitt til at dette vart sett på som "mannfolkarbeid".
Produksjon - Produsert: 1929 (innskrift på sylinder)
- ProdusentVernon Cooper Ltd.
Eierskap: 1929 - 1965 (Maskinene var i bruk ved Salhus Tricotagefabrik, men vart tatt ut av produksjon og sett på lager, truleg på 1960-talet.)
Classification
-
- Maskinstrikking (Outline - Fremstilling av produkter av spunnet materiale)OU 286.46
- Trikotasjefabrikker (Outline - Tekstilindustri)OU 288.4
- Teknikk og redskaper, konfeksjons- og skoindustri (Outline - Konfeksjons- og skoindustri - Teknikk og redskaper, konfeksjons)OU 295.2
- Industrimaskiner (Outline)OU 402
References
-
- LitteraturreferanseIntervju med Johannes Kalvik, tidlegare strikkar ved Salhus Tricotagefabrik
License information
- License Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Metadata
- IdentifierNTMT.02370
- Part of collectionTekstilindustrimuseet
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionMuseumssenteret i Hordaland
- Date publishedMarch 18, 2014
- Date updatedDecember 14, 2022
- DIMU-CODE011022817481
- UUIDddfc878b-63ee-436c-8f74-32e5108d0192
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».