History
-
-
Museet overtok denne maskina frå A/S Safa-Samnanger i 2005. Safa kjøpte opp sokkestrikkemaskinene til Salhus Tricotagefabrikk då dei la ned i 1989, og ein del av desse maskinene har museet seinare overteke. Denne maskina er frå 1965, har vore i bruk hos Salhus Tricotagefabrik, seinare blitt overteke av SaFa Samnnger, før den kom attende til Salhus i 2005.
1950-talet var eit travelt tiår for den britiske strikkemaskinnæringa, då mange selskap erstatta gamle, utslitte maskiner og investerte i nye. I denne perioden vart Bentley Engineering Co. Ltd. ein av dei største strikkemaskinprodusentane i verda, med ein stab på 4000 tilsette. Samanslåingar ga selskapet kontroll over selskapa Wildt & Co Ltd, William Cotton Ltd, G. Blackburn & Sons Ltd, William Hammond & Son Ltd, JT & C. Grudgings Ltd, G. Woodcock & Sons Ltd, T. Grieve & Co og Clarendon Eng. Co Ltd. Selskapet fortsette å ekspandere, og i 1970 hadde det 9000 tilsette.
Bentley tileigna seg eit breitt spekter av ekspertise gjennom desse oppkjøpa, samtidig som det ikkje var nok til å stoppe utviklinga - selskapet mista stadig større andelar av marknaden, delvis grunna nedgangen i populariteten av ferdigstrikka sokkar, og konkurranse frå ein italiensk maskinprodusentbransje i rivande utvikling. Etter kollapsen i 'double jersey'-markedet på midten av 70-talet, gjekk det nedover for Bentley, og i 1982 uttalte Bentleys eigarar, Sears Group, at dei ikkje lenger var villige til å subsidiere selskapet og de gjenverande avdelingane av verksemda blei kjøpt opp av fire tidlegare styremedlemar.
-
Produksjon - Produsert - 1965
-
Produsent
The Bentley Engineering Co. Ltd.
- Adresse, Leicester
- Profession Maskinprodusent
- DigitaltMuseum Search in «The Bentley Engineering Co. Ltd.»
-
Eierskap
-
Eierskap - 1989 — December 9, 2005
-
Classification
-
- Maskinstrikking (Outline - Fremstilling av produkter av spunnet materiale) OU 286.46
- Beredning av ferdige tekstiler (Outline - Fremstilling av produkter av spunnet materiale) OU 286.5
- Trikotasjefabrikker (Outline - Tekstilindustri) OU 288.4
- Teknikk og redskaper, konfeksjons- og skoindustri (Outline - Konfeksjons- og skoindustri - Teknikk og redskaper, konfeksjons) OU 295.2
- Industrimaskiner (Outline) OU 402
References
-
- Arkivreferanse The Komet Range of Knitting Machines (The Bentley Engineering Co. Ltd., Leicester). Brosjyre i biblioteket til Norsk Trikotasjemuseum
License information
-
License
Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Metadata
- Identifier NTMT.02359
- Part of collection Tekstilindustrimuseet
- Owner of collection Hordaland
- Institution Museumssenteret i Hordaland
- Date published March 18, 2014
- Date updated December 14, 2022
- DIMU-CODE 011022817406
- UUID DCDBD8BE-65CF-49CB-9287-BFA9BA39A905
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».