History
-
-
Maskin som spolar garn frå spinnepipene frå spinnemaskina og over på pappkoner (frå det engelske ordet "cones"). Maskina er produsert i 1956 av amerikanske Universal Winding Company (seinare Leesona). Koner har plass til meir garn og kan stå støtt på golvet og på strikkemaskiner. På Salhus Tricotagefabrik (1859-1989) føregjekk spolinga på spoleloftet, og dette var på mange måtar ei førebuing til at garnet blei strikka.
Maskina voksar også garnet i sjølve spoleprosessen ved hjelp av stykke med parafinvoks plasserte ved kvar spole. Ein voksa garnet for å minske friksjonen til garnet i strikkemaskinene - dersom friksjonen vart for høg, vart kvaliteten på stoffet dårlegare.
På Salhus Tricotagefabrik var det hovudsakleg kvinner som arbeidde med spoling i etterkrigstida. I 1965 arbeiddet det 16 kvinner og 4 menn på avdelinga. Desse hadde ansvar for å skifte piper og spolar og skøyte tråd medan maskina gjekk. Det vart sett på som lett og forholdsvis enkelt arbeid, men ein måtte vere fysisk skikka til ståande arbeid. Arbeidarane fekk ei kort intern opplæring.
-
Produksjon - Produsert - 1956 (Innskrift på maskina.)
- Produsent Universal Winding Company
-
Eierskap
-
Classification
References
-
- Litteraturreferanse Forras, Peter: "Vi behøver ikke at passe paa arbeideren, vi passer kun paa arbeidet" - Arbeid og rasjonalisering i Salhus Tricotagefabrik 1920-1967, Norsk Trikotasjemuseum, Museumssenteret i Hordaland, 2009 (27).
License information
-
License
Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Metadata
- Identifier NTMT.00111
- Part of collection Tekstilindustrimuseet
- Owner of collection Hordaland
- Institution Museumssenteret i Hordaland
- Date published March 18, 2014
- Date updated December 14, 2022
- DIMU-CODE 011022811766
- UUID DCBFB5D5-5188-4819-B142-07CEDA260B5A
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».