I boka «Navarsmeden» (1997) har Tine Eikehaug beskrevet navarsmiinga slik, basert på en undersøkelse fra Nordhordland:
«Kapping av stålet
Under kappinga vert stålet, som kjem i fleire meter lange stenger, delt opp i passelege emne. Det vert lagt over ein avhoggar (avbitar), ein kvass dor som er sett ned i ambolten, og slått med ein hammar. Heimerlaga metallsakser er også brukte til å kutta stålet med. Som oftast vert det kappa opp i fleire emne på ein gong, alt etter kor mykje som skal smiast. Hundre navaremne i slengen – av kvar storleik – var slett ikkje uvanleg tidlegare.
Lengda på dei oppkappa stålemna varierer etter kva type bor ein skal smi og kva dei skal brukast til. Navaremne til dei minste typane, stiftebor og spikarbor, som berre er om lag ti-elleve centimeter lange når dei er ferdige, vert alltid kappa i dobbel lengd for at det skal vera lettare for smeden og halda dei under utsmiinga. Først når skjeret er utsmidd i begge andar, vert emnet delt i to og tangen smidd ut.
Smiing av skjeret
Allereie frå starten må smeden ha bestemt kva bordimensjon han skal smi, for alle har ulike lengder på skjeret. Variasjonane på skjerlengda strekkjer seg frå om lag tre centimeter på dei minste navarane og opp til 15 centimeter på ein-toms-navrar. Så det første smeden gjer, er å merka av skjerlengda på emnestålet med eit hakk som markerer overgangen til leggen.
Utsmiinga av skjeret startar med at skjerenden vert smidd firkanta og kon med ein hammar (fig. 1). I den prosessen vert skjeremnet tynna i høve til resten av boret, den kone fasongen vert laga, og odden spissen ytst på skjeret vert forma.
For i det heile å kunna smi det harde stålet må smeden varma opp emnet i avlen til det får ein temperatur på 700-1 100 grader. Fargen på stålet forandrar seg heile tida under oppvarminga, og smeden kan sjå når stålet er smivarmt; det skal ha ein mørkraud til lys gul farge. Ein smed må alltid vakta på stålet når det ligg i avlen, vert det for varmt, vert det øydelagt. Når stålet er passe smivarmt, må smiinga skje raskt, for jernet vert fort kaldt att.
Neste steg er å uthola det spisse, kone skjeremnet. Med ein hammar vert det smivarme stålet forma over ein avlang og avrunda dor. Regelen er at storleiken på doren skal passa til vidda ved opptaket på navaren, så smedane har ein stor dor til kvar storleik. Er stålet hardt, eller om det er ein stor navar, må det varmast fleire gonger før det er ferdig uthola. Det er viktig at utholinga vert gjort skikkeleg, for dette arbeidet er grunnlaget for heile bortskjeret.
Etter tynning og utholing er emnet klart for vriding. Skjerenden må først i avlen og varmast på ny før han vert vridd med ei knipetong. Smeden held boren i venstre hand godt inntil kroppen for å fågod støtte, og med høgre hand vert skjeret vridd til ein spiral. Vridinga må skje hurtig og presist medan stålet framleis er varmt. Ein byrjar ytst på skjeret og vrir oppover mot venstre. På små borar tek ein vanlegvis tre tak, det vil seia at ein skifter grep tre gonger med knipetonga for å få den rette skruen. Stundom må ein ta eit ekstra tak til slutt heilt øvst på skruen for å få ein jamn overgang til leggen. På større navrar der skjera er over 3/8 tommar, vert det for tungt å vri utan å festa borleggen i ei skrustikke. Slike borar må som oftast varmast opp fleire gonger før dei er ferdig vridde.
Skjeret er som oftast skeivt når det er ferdig vridd og lyt difor beinkast og rettast slik at både skjeret og eggen vert bein og fin. Når stålet er smivarmt att, legg smeden det på ambolten og brukar pennen på hammaren – først for å grovretta slik at skjeret vert beint, så for å finforma skjerkanten på ein dor. Her lyt han vera varsam og slå med lette slag med smihammaren. Spissen, eller odden, nedst på skjeret vert óg retta, eller «slått inn», som det heiter i Meland. Heilt til slutt vil smeden kontrollera om skjeret står i senter for borleggen, og kanskje justera litt med eit slag eller to. Ein skal kunna sjå ei rett linje gjennom midten på skjeret. Borskjeret har no fått den fasongen det skal ha.
Sliping
For å verta slett og for å få ein kvass egg må skjeret slipast etter at det er ferdig smidd. Tidlegare vart det filt for hand, men etter siste krig gjekk mange av smedane over til å nytta elektrisk slipemaskin med smergelskiver. Skjeret må slipast både utvendig og innvendig, og ein brukar ulike slipeskiver til dette arbeidet. Innvendig i skjeret sliper ein frå opptaket og nedover mot odden. Utvendig gjer ein arbeidet i motsett rekkjefølgje. Utsida skal berre slettast, medan eggen skal slipast kvass. Sliping krev ei stø hand. Ein skal korkje ta for mykje eller for lite, men slipa jamnt.
Smiing av tangen
Navrar som skal ha treskaft, får no ein tange smidd øvst på leggen. Denne vert til slutt klinka fast i skaftet. Utsmiinga av tangen, eller «tångjen», som dei seier i Meland, er lik for både store og små borar. Først må øvste delen av leggen varmast til stålet er smivarmt. Raudglødande vert så emnet lagt på ambolten, og med ein hammar vert tangen forma trekanta og kon. Som med skjeret er det viktig at tangen er i senter for leggen, det vil seia midt på leggen. Tangen må vera fire-fem millimeter lengre enn tjukkleiken på skaftet som skal setjast på boren. Den spisse enden skal nykkjast, eller bøyast ned i skaftet for å festa dei to delane godt saman.
Påsettinga av skaftet er siste arbeidsoperasjon – og boren er ferdig for bruk/sal.
Men sjølve påsettinga må venta til etter at boret er herda og lynna.
Herding
Etter at skjeret er slipt, står herdinga for tur. Til dei minste bortypane er det i dag vanleg å nytta stål som ikkje treng herdast. Men tidlegare, då dei brukte andre ståltypar, vart alle navrane herda. Poenget med herdinga er å auka hardleiken og styrken til stålet. Under herdinga vert stålet varma opp i avlen til ein temperatur mellom 720-770 grader, alt etter kva ståltype det er for så brått å kjølast ned att. Idet stålet når den rette herdetemperaturen, skjer det ein kjemisk prosess der karbonet frigjer seg frå jernet. Når emnet vert bråkjølt, vil ikkje karbonet rekkja å binda seg til jernet att, og stålet får e struktur som gjer det hardt.
For å kunna sjå når stålet har fått den rette herdetemperatutren, må smeden ha det ganske mørkt i smia. Det gjer dei små nyansane i fargen på det glødande jernet som fortel han når jernet er herdevarmt og klart for bråkjøling. Nokon temperaturmålar har aldri vore brukt, smedane tek det, no som før, på augemål. Ein må ha smidd i lang tid før ein kjenner fargenyansane godt nok, og klarer å skilja dei frå einannan. Men sjølv dei beste smedane kan få problem om andre lyskjelder i smia er for sterke. Det er ei av forklaringane på at smedane må ha det så mørkt i smia når dei skal herda.
Lynning
Etter herdinga er stålet så hardt og sprøtt at borane ikkje vil tåla å verta brukte utan å knekkja. For å minska spenningae må stålet anløpast, eller lynnast, som det heiter i Meland. Stålet vert da forsiktig varma opp på nytt tyil det for ein temperatur på mellom 200-400 grader. Denne oppvarminga gjer at stålet vert meir seigt enn sprøtt. Jamvel om stålet ikkje treng herdast, må det lynnast då varmeutviklinga under slipinga kan gjera stålet så varmt at det tek herdig og vert hardt og sprøtt. Borane vert nær ubrukelege om ein ikkje lynnar, eller «tek dei ned att», som smedane seier.
I regelen har aldri smeden nytt kol i avlen når han skal lynna, men heller kol som nesten er utbrent og ikkje lagar så mykje røyk. Lynninga skjer over svake flammar, og smeden må konsentrera seg for å få varma heile skjeret likt. Som under herdinga er det fargen på stålet som fortel når den rette temperaturen er nådd, men no skal fargen vera blå. Ved ca. 200 grader vil ein gulfarge koma, og når temperaturen aukar til 300 grader vert fargen fiolett og mørkeblå. No må navaren ut av varmen, ellers vil fargen gå over til blågrå, og stålet har ein temperatur på over 400 grader. «Då er han gått om», eller herdinga gått ut, og boren må herdast oppatt. For å sjå etter blåfargen må smedane skrapa ned merd ei fil på boren, som vanlegvis er temmeleg svart når han ligg inni kolet i avlen. Når borane er varme nok, vert dei ikkje bråkjølte, men lagde til sides for å avkjølast i luft. Somme kastar dei i golvet, andre legg det på kanten av avlen, der det ikkje er så varmt.
Finpussing
Etter lynninga vert borane polerte og finpussa på slipemaskina med ein finkorna smergelskive eller polerskive. Men no må ein vera varsam slik at ikkje boren vert for varm på slipeskiva som dreier hurtig rundt. Skjer det, kan herdinga verta øydelagd. Etter slipinga legg smeden ein siste finpuss med ei fin fil for hand, tek bort den fine roa (jernsponet) som har kome på eggen under slipinga, og kontrollerer at det ikkje er nokon feil.
Arbeid med treskaft og hylster
Utsjånaden på navarskafta varierer ganske mykje. Teknikkar og måtar å smi dei på har vore, og er framleis, ulike frå mann til mann. Naturforma skaft er lite brukte, det vanlege er knivsmidde skaft av bjørk. Somme smedar har etter krigen smidd szkaft av jern. Men borane vart òg laga utan skaft; då med eit auga øvst på leggen. Det vil seia at smeden smir ei lykkje øvst på leggen slik at brukarane sjølve kan setja i eit laust treskaft når dei brukar boren. Borar smidde med auge var som oftast store og kraftige typar. Mindre navrar vart òg smidde utan skaft, men då utan auge på toppen. Dei vart smidde med ein firkanta, kon tange øvst på leggen og kunne festast i eit laust boromslag. Lause boromslag fekk brukaren kjøpt hjå handelsmannen, men dei som var nevenyttige laga slike sjølve.
Dei fleste borane frå Meland har eit treskaft påklinka. Skafta, eller "svøyvæ" som dei kallar det, er smidd av kvistfri, tørr bjørk. Svøyvene vert øksa eller skorne ut på bandsag før dei vert finsmidde for hand. Dei vert laga i forskjellge storleikar for å passa til dei ulike navrane. Før skaftet kan festast på navaren, må deyt borast eit hol der tangen skal inn. Dette gjer det lettare å svi tangen gjennom trevyrket. Spissen på tangen skal stikka ein fire-fem millimeter ut øvst på skaftet. Arbeidet med å setja på skaftet vert ikkje alltid gjort i ei vending. Når tangen er svidd igjennom skaftet, må smeden ta skaft og bor frå kvarander igjen for å lynna han, ellers vert stålet for hardt og sprøtt i strukturen. Stålet må "mjukast opp" for at spissen på tangen skal kunna tåla å verta slått, eller nykt negd i skaftet når det til slutt vert festa for godt. Skaftet vert alltid finpussa etter at det er sett fast på boren. Heilt til slutt kan skaftet verta stempla med smeden sitt namn og storleiken på boren.
For å skåna eggen vert skjeret skrudd inn i eit hylster, som i Meland vert kalla for "huset". Dette er laga av furu eller gran og er meir grovsmidd enn skafta. Påsetting av huset har for smedane òg ein annan funksjon: Når skjeret vert skrudd inn i huset, kjenner smeden om boren funtgerer som han skal. På den måten vert kvar einaste bor kontrollert før han vert levert til kundane.»
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».