Samandrag
Eit gamalt egyptisk sarkofaglok i Glomdalsmuseet
Halvparten av eit sarkofag-lok av tre i Glomdalsmuseet skriv seg frå gravleg-ginga av Tacawa, ei egyptisk kvinne som levde i første halvparten av det 7. hundreåret f. Kr. Ho høyrde til ei stor slekt med ein rikdom og sosial posisjon som hekk såman med at slektsmedle-mene gjorde teneste i det store_tempel-tenestekorpset for guden Amun, sær-leg innanfor den tilslutta kulten for guden Mont. Tacawas høge sosiale rang går fram av det at ho var utstyrd med eit svært forsegggjort gravferdsut-styr og var gravlagd i noko som truleg var eit familiegravkammer. Denne gravlegginga vart plyndra ein gong før 1837, då Samuel Sharpe først offentleggjorde innskrifta på Tacawas innerste kiste, som hadde menneskeleg kroppsform. Det er uråd å seia korleis og når denne gravstaden vart oppdaga. Men det er rimeleg å tru at dei som fann han, må ha vore folk frå landsbyar i nær¬leiken og at dei har delt funna mellom seg etter vanleg skikk, og selt dei styk¬kevis. Det er tenkjeleg at loket i Glom¬dalsmuseet kan ha sirkulert på den heimlege antikvitetsmarknaden, eller høyrt til i ei privatsamling i Egypt frå det vart oppdaga. Men me høyrer først om det etter det kom inn i privatsamlinga til Helge Væringsaasen. Me veit ikkje nøyaktig korleis han fekk tak i det, men det er truleg at han kjøpte det i 1908 då han var i Egypt. Etter hans død kom antikvitetssamlinga hans til Glomdal¬smuseet, som me veit. Undersøkinger av innskrifter på ei sam-ling statuer i det store Amuntemplet i Karnak og av andre innskrifter frå grav¬funna har gjort det mogeleg å setja opp slektslister og tidsskjema som omfatar kjende historiske personår i det gamle Egypt. Desse listene viser at Tacawa var ein fjern slektning av Montemhet, denmektige herskaren i Teben på hennar tid.
Hovudinnskrifta på sarkofagloket gjekk opphavleg langs midten av loket, men ligg no langs kanten på den halvparten som finst i Glomdalsmuseet. Det som er synleg av denne innskrifta (som ertolka etter eit fotografi i fargar) har dette innhaldet:
«- - herskarinna i huset, Tacawa, rett-ferdiggjord; dotter åt profeten til Mont Tebens Herre, Hor, rettferdiggjord, son til den som omfamnar wetshat-auga til Mut Himmelens herskarinne, skrivarfor tshaen i Amuns hus, CAnkh-Hor, rett¬ferdiggjord; mor hennar er (var) herska¬rinne i huset Es-Mut, dotter til (Ijos-)tenaren Khensmose, rettferdigg¬jord. » Forfattaren gjer detaljert greie for namn, titlar, religiøse, politiske og sosiale opplysningar som trengst for å forstå innhaldet i denne teksten. Bak kvart person-namn står det t. d. «rettferdiggjord». Dette heng såman med den religiøse trua på eit liv etter døden. Den døde vart på denne måten identifisert med guden Osiris, som etter han vart myrda av bror sin Seth vart «rettferdiggjord» framfor ein guddome-leg rett og gjord til herre over dødsriket. Når dei døde vart identifiserte med Osi¬ris, kunne dei vona på ei «rettferdiggje-ring» når dei vart stilte til ansvar forsine gjerningar i jordelivet framfor Osiris' domstol i den andre verda. Nemninga «herskarinne i huset», som blir brukt om Tacawa og mor hennar, er meir enn ei høfleg frase og kan ha samanheng med deira stilling i ekteskapet. Ei gruppe egyptiske ekteskapskontraktar frå ein seinare periode viser at ektemannen seide heile formua si til kona. Han sikra på den måten arveretten for deira felles born og stengde born frå andre ektes¬kap ute frå arveretten.
Ein kan ikkje sjå bort frå at kvinna oppnådde status som «herskarinne i huset» først etter at ekteskapet hadde bore frukt og ho der¬med hadde sikra ektemannen og seg sjølv lovlege arvingar. Tacawa hadde ei bestemor på morsida med eit nesten likelydande namn. For¬fattaren meiner det kan henda dette er eit eksempel på den egyptiske skikken å «kalla opp att» besteforeldra når ein valde namn til borna. Denne skikken er også velkjend i norsk namnebruk. Titlane «profet», «skrivar», «den som omfamnar wefsrtaf-auga», «Ijostena-ren» har tilknyting til presteskapet som gjorde teneste i templa og stod for gudsdyrkinga. Ein må forstå det slik at desse titlane førde med seg rett til del i inntektene der titelinnehavaranegjorde teneste. Tacawas eigen sosiale rang kjem klårast til uttrykk gjennom titlane til dei nære slektningane hennar. Tru¬leg viser utvalet av titlar som er nemnde på hennar eige gravminne dei særlege kjeldene som ho fekk inntektene sine frå.
Mesteparten av sarkofagloket er dekt av eit bilete som syner den døde lengst til høgre (teksten bak henne tyder: Her¬skarinna i huset, Tacawa), kledd i ein gjennomsynleg kjole. Hovendersegtil-bedande mot venstre. Tacawa til bed sol-guden som reiser i natt-båten sin gjennom dødsriket.
Solguden står midt i båten med andletet vendt mot Tacawa. Han er framstilt i si natt-skapning, med vær-hovud og med solskiva oppå, med ein stav i eine handa, symbolet på makt, og i den andre handa eit livs-symbol. Skipet siglerfram med stamnen mot høgre, og det blir drege av 9 menn som symboli¬serer dei 9 nattetimane. Elles er både skipet og felta i kring dekt med tekster og symbolske figurar som det er gjort nærare greie for i den engelske teksten. Heile biletscenen kan tolkast slik: Tacawatilbersol-guden medan han rei¬ser i sin natt-båt gjennom dødsriket. På same måten som han fer over himmelen om dagen og held oppe alt liv på jorda, så reiser han gjennom dødsriket om natta og spreier trøystande ljos, for ei lita stund i det minste, over dei som elles må bu i evig, skræmande mørker. Bilete som dette har ofte sitt motstykke i ei framstilling av solgudens himmelreis om dagen, og i denne samanhengen vona den døde ånd å få reise med solbå-ten og få nyta godt av dei livgjevande solstrålane. Og der er i røynda spor av ei slik scene i den avbrotne kanten på sarkofagloket på Glomdalsmuseet. Dei to bileta var slik plasserte då loket var heilt at ein kunne tenkja seg at sola gjorde ein sving rundt heile loket mot klokkevisarane.
Ut fra restane av dette andre bileiet og kunnskapar frå andre liknande bilete tolkar forfattaren innhaldet. Kvar detalj i biletspråket som desse framstillingene syner har ei lang histo¬rie. Slik dei trer fram på Tacawas lok er dei frukta av høgt utvikla religiøs ten¬king. Samstundes er dei resultatet av ei mekanisk tradisjonell framstilling der det religiøse grunnlaget delvis er gløymt.
Sarkofagloket i Glomdalsmuseet er eit symbolfylt uttrykksmiddel for allmenn-menneskeleg lengt og von, og samtidig eit spesielt egyptisk svar på dei pro¬blema ein slik lengt reiser
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».