Portrett. Harald Dalen framfor bilar som vart drive av "Knott". Under krigen var det vanskeleg å få nok bensin. Bilen til Hol Bilselskap er utstyrt med ein knottgenerator.
Det vart ...
Portrett. Harald Dalen framfor bilar som vart drive av "Knott". Under krigen var det vanskeleg å få nok bensin. Bilen til Hol Bilselskap er utstyrt med ein knottgenerator.
Det vart brukt oreved fordi det vart dei beste gassane. Den vart skore opp i terningar på 5 - 7 cm, derfor ordet "knott". Knotten vart lagt i beholderen og sett fyr på, den måtte ha passe trekk så dei fekk mest mogleg gassutvikling. Dei måtte passe på at det ikkje brann ut. Staking med ei jernstang frå toppen og etterfylling var nødvendig. Dei tok med ein eller fleire sekker med knott etter kor lang tur dei hadde. På personbilar hadde dei grind på taket med knottsekker.
2 comments
Ivar E. Stav, February 11, 2015
Tone Oppsato, December 28, 2022
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».