Traktor på Hiim i Sandsbygdå, Sand. Sjå Drange Sand II s 407.(Der er elles ein feil i biletteksten der: Unge Johan Den første traktoren til Olav Hiim (br. 2). Den vart innkjøpt frå ...
Traktor på Hiim i Sandsbygdå, Sand. Sjå Drange Sand II s 407.(Der er elles ein feil i biletteksten der: Unge Johan Den første traktoren til Olav Hiim (br. 2). Den vart innkjøpt frå Bergen gjennom bergensaren Jellestad, kyllingfarmaren på Hiim. Gamle Nils Hiim står i vegen til høgre for traktoren, kring 85 år gammal. Gutane er Johan Hiim, til venstre, og Hans Gabriel Kristoffersen, til høgre. Han er ein waisehusgut som var mykje hjå Nora og Anders Endresen om somrane. Til venstre for traktoren står Margit, kona på garden. Me ser Brommelandsskaret går opp bak, på andre sida av Elvå.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».