"Parti fra Kjelmebroen", foto teke av pastor Ritland som var heime frå Amerika. Det er eitt av mange foto som er teke av Tjelmabrunå og Garaneset i dette hundreåret. Fleire vart pu ...
"Parti fra Kjelmebroen", foto teke av pastor Ritland som var heime frå Amerika. Det er eitt av mange foto som er teke av Tjelmabrunå og Garaneset i dette hundreåret. Fleire vart publiserte som postkort. Det er den første Tjelmabrunå som viser på biletet. Den vart bygd kring 1871. Før det måtte ein i båt for å koma over elvå og til Sand. Husmannen på Tjelmane hadde difor ein viktig samferdselsfunksjon som ferjemann. Tjelmane er til venstre for brua. Det litle huset til ihøgre for brua er eldhuset til Tjelmane. Bak det huset er Hyla-hajen, med eit lite hus. Det var ein parsell som Hylen-familien på Sand leigde. Tunet til venstre i biletet er småbruket Garaneset. Det vart teke opp av Skeie i 1973. Då var Garaneset nyleg utskifta og frametter 1870-talet byrja dei for alvor å dyrke opp dette elveneset som no er rekna som det beste jordbrukslandet i Sandsbygda. Garaneset vart delt mellom bruka på Haua og Skeie etter utskiftinga. Bak til høgre ser me tunet til Nera-Haua, og heilt bak til høgre er tuna oppe på Flåtå.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».