Fløyting av ved på øvre Tysdalsvatn. Batt i saman nokre langtre, og heiv veden uti denne "inngjerdinga". Veden kunne gå djupare under vassflata, han batt seg liksom i saman. Det va ...
Fløyting av ved på øvre Tysdalsvatn. Batt i saman nokre langtre, og heiv veden uti denne "inngjerdinga". Veden kunne gå djupare under vassflata, han batt seg liksom i saman. Det var to måtar å fløyta på: 1. Landdraging - slik det er vist på biletet. Då hadde ein eit langt tau el. ein wire i hjørnet på inngjerdinga/tømmerstokkane - og rodde ut wiren til eit spel som stod på eit nes. Kunne sitja slik og sveiva i timesvis. Var ofte to mann som byttest åt. Når veden var komen til det eine neset, flytte dei spelet over til neste nes. Kunne gå fleire dagar før dei fekk det til enden av vatnet. Før brukte dei vidjer til å binda saman rama eller stoleleane med. Hadde med seg kaffikjele og kokte kaffi medan dei sat og sveiva.
2. Slep. Då dei fekk motorbåt, slepte dei inngjerdinga over vatnet. Landdraginga heldt ein på med like til 1920-30-åra.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».