History
-
Sundag 11.06.1961 skipa Hemsedal Helselag til eldrefest for alle over 70 år. Festsamværet tok til i samband med gudstenesta i kyrkja, der prost Ødne heldt preike over dagens tekst. Etterpå vart alle køyrde i bussar til bedehuset, der langborda vart duka til middag.
Ola Jordheim helsa alle velkomne i ein kort tale, og deretter ynskte formannen i helselaget, fru Ragnhild Intelhus, alle velkomne. Fotograf Johs Brye viste vakre lysbilete frå Hallingdal, der vart servert kaffi og kaker. Hemsedal song- og musikklag song, og prost Ødne avslutta samværet med andakt.
Fyrste rekke frå venstre: 1. Kjersti Hallen; 2.Ågot Vøllo; 3. Kari O. Vøllo; 4. Barbro Dalene; 5. Birgit Purkestad; 6. Birgit Sletten (Haugo); 7.Birgit Kirkebøen; 8. Liv Langehaug; 9. Ågot Gjærde; 10. Ingrid Storeskar; 11. Birgit Borge.
Andre rekke frå venstre: 12. Birigt Eikre; 13. Kari A.Tuv; 14. Kari O. Vøllo (jenteKari); 15. Margit A. Kirkebøen; 16.Guri Pålhus; 17. Eline Jordheim; 18. Margit E. Haugen; Karoline Holde; Gunhild Jordheim Nilsongard; 21. Birgit Intelhus; 22. Barbro Intelhus; 23. Margit Ulsaker; 24. Anne Løken; 25. Kari Ålrust; 26. Anne H. Ålrust; 27. Inga Hulbak.
Tredje rekke frå venstre: Nils O. Tuv; 28. Halvor Eikrehagen; 30. Ola S. Aalrust; 31. Ola N. Vøllo; 32. Knut O. Vøllo; 33. Engebret K. Thorset; 34. Ola L. Markegård; 35. Engebret Hagen; 36. Knut O. Tuv (Øvre); 37. Ola Jordheim Nilsongard.
Fjerde rekke frå venstre: 38. Nils Embre; 39. Ola Ulsaker; 40. Trond E. Finset; 41. Nils Storeskar; 42. Ola E. Finset; 43. Jon Intelhus; 44. Ola Ulsaker; 45. Ola Veslestølen.
Femte rekke frå venstre: 46. Torstein Vøllo; 47. Hans P. Sletten; 48. Ola E. Hulbak; 49. Ingvar Gjærde; 50. Olaf Huso; 51. Per Grøv; 52. Engebret Intelhus.
Fotografering: June 11, 1961
- FotografHallingdølen
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierHEMSARK_98-269
- Part of collectionHemsedal
- Owner of collectionHemsedal
- InstitutionHemsedal Bygdearkiv
- Date publishedSeptember 2, 2014
- Date updatedDecember 4, 2020
- DIMU-CODE011014907964
- UUID1bd75552-579e-4a3e-9a41-17850bcfe70f
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».