History
-
-
Gamle skulen på Sanden i Trøym. Huset stod "på Sande" i sentrum ovanfor riksvegen eller "lina" som dei sa i den tida. Riksvegen er i praksis ikkje flytta her i dette området sidan biletet vart teke, men vegen er sjølvsagt breidda noko, og då "oppover" som me kan seia her.
Skulehuset stod opprulla i tømmer som ser ut til å vera 6" tjukke vegger, og det var møneretning i nord-sør etter dalføret.
Bygningskroppen er mest truleg i nedre del av uthuset til på Lars L. Markegård og Margit Markegård sin grunn. Inngangen til skulehuset var på sør-austre langvegg, oppført i vanleg bindingsverk og deler av den langveggen på tømmerhuset er tydeleg panelt. Det ser ut til at det er skifertak på huset, mest truleg skifer frå Skoghornområdet på den tida.
Huset var tydeleg oppført i 1,5 høgd, det kan ein slå fast ved tal omkvarv tømmer.
Skulehuset vart "rulla ned" og sett opp att hjå "Smeden på Teigen" ved Tuv.
Biletet er teke i tidsrommet 1895-1897, og det er 4.-7. klassingar som er med her.
Det er Ola S. Jordheim, Kirkebøen, "Jordesen" på Kirkebøen kalla, som har skrive opp namna på alle som er med på biletet. Han var fødd nokre år seinare enn desse borna.
Fyrste rekke frå venstre: Kari S. Jordheim, fødd 1885, gift med lærar Lars Eikre; Margit Høgjihaugen,fødd 1883; Ingebjørg O. Kirkebøen, fødd 1883; Ingebjørg Haug, fødd 1879; Margit S. Jordheim (Vesla),fødd 1884, sjukesyster; Knut A. Jordheim, fødd 1885, reiste til Amerika; Nils Embre, fødd 1884, ugift,bonde på Embre; Botolv Dokk,fødd 1885; Per Haug, fødd 1886, vart bonde i Sandsvær; Halvor T. Kirkebøen, fødd 1886, vart forretningsmann i Hokksund; Ola A. Kirkebøen (Store Ola), fødd 1886, bonde på Kirkebøen 68.1;
Andre rekke frå venstre: Anne K. Trøim, fødd 1885, gift med Ola S. Ulsaker; Anne Grøthe, fødd 1886,gift på Blakkestad på Gol; Kari Haugo (nordre Haugo), fødd 1884, frå Haugo på Thorsetsida; Rangdi S. Kirkebøen, fødd 1886, mor til Trond Kirkebøen;Ingebjørg Rudningen, fødd 1885, arbeidde mykje "nedanfør"; Andres O. Kirkebøen, fødd 1885; Knut Hølgjihaugen, fødd 1885; Olaf Jordheim (kelveOlaf),fødd 1884, ugift, selde skinn m.m.; Ola E. Finset, fødd 1884, ugift, budde på Nordre Finset, arbeidde der; Nils E. Finset , fødd 1882, bonde på Nordre Finset.
Tredje rekke frå venstre: Anne J. Holde, fødd 1884; Ingebjørg Møllerplass, fødd 1878, mor til Knut og Per Møllerplass; Anne Embre, fødd 1881, gift og budde "nedafør". Ho var mor til Erik Helgesen; Karoline Jordheim, fødd 1882, gift med Karl Krona. Dei budde i USA; Margit S. Jordheim, fødd 1882, gift med K. O. Grøthe; Svein O. Grøthe, fødd 1882, reiste til USA; Knut O. Kirkebøen, bonde på Kirkebøen 68.2, far til Oline, Gunvor, Margit, Karoline og Ole Knut; Ola T. Kirkebøen, fødd 1883, "Tølleiven" på sagbruket; Ola Storejordheim, fødd1881.
Fjerde rekke frå venstre: Sigrid Jordheim, fødd 1881, gift til Hødn (Hornet; Margit J. Holde, fødd 1881, gift med T. Vøllo; Karoline K. Trøim, fødd 1881, gift med Eirik Langehaug på søre Fossheim; Birgit Kveen, fødd 1883, gift i Lier ein stad; Ola Haug, fødd 1881, reiste til Berg i Sande; Halvor K. Flaget (nørdre Fløgo), fødd 1882, gift på garden Rensla i Gol ved Svenkerud; Knut J. Dokk (Døkk), fødd 1882, gift og budde på søre Bygdheim i Trøym sentrum; Eirik E. Holto, fødd 1882, ugift, var tømmermann og budde ved Skogstad som tok over eigendomen hans i seinare tid.
-
Fotografering - 1895 — 1897
- Fotograf Ukjend
-
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier HEMSARK_98-233
- Part of collection Hemsedal
- Owner of collection Hemsedal
- Institution Hemsedal Bygdearkiv
- Date published September 2, 2014
- Date updated December 4, 2020
- DIMU-CODE 011014907928
- UUID 2f10c5b3-b8ca-498b-93ff-93e724e18457
- Tags
- skule
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».