• Skilaget frå Vøllogrenda oppstilt til fotografering før eit skirenn.
Frå venstre: Eirik Svingen, Engebret Hjelmen, Ola O. Fekene og Nils Bekkevold.
På skia har lauparane såkalla Huifeldtbindingar, som kom i bruk i Hemsedal kring 1920. Det var gilde greier, med stødige feste for skotuppen og stramming på hælen. Huitfeldtbindingen var einerådande til langt ut i 1930-åra. Fottyet var lenge mest pluggsko. Då Daniel Haugo frå Gol busette seg i Hemsedal i siste halvdel av 1920-åra, vart det ein snunad på dette òg. Daniel laga noko som vart kalla beksaumsko - svært til fotty, særleg for skilauparane. Men det var berre dei vaksne som fekk seg slikt. Småfanten fekk enno lenge klara seg med plugg. Skismurning var for det meste ikkje kjøpevare. Fleire prøvde seg med heimelaga saker. Gamle og øydelagde grammofonplater kunne nyttast.  Ein breidde dei om til flytande masse og blanda opp med talg, feitt, og det som måtte finnast. Merkeleg nok tok visst ingen patent på si oppfinnsomheit. (I frå boka "Gløymde spor" side 16)
Fotografiet er teke kring 1925.
    Photo: Ukjend / Hemsedal Bygdearkiv

Skilaget frå Vøllogrenda oppstilt til fotografering før eit skirenn. Frå venstre: Eirik Svingen, Engebret Hjelmen, Ola O. Fekene og Nils Bekkevold. På skia har lauparane såkalla Hu...

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to