• (gjeld og bilde 85-241) 
I 1910 vedtok Buskerud amsting at ein skulle setja igang landbruksutdanning i amtet. Det vart etablert 2 skular, ei for flatbygdene og ei for fjellbygdene. Det skulle haldast eigne kurs for jenter, der husdyrlære, husstell og kosthald var viktige fag. På kursa for gutane var husdyrlære, jordbrukslære og naturfag sentrale fag. På "Fjellandbruksskulen" etablert 1911, vart Anders Haug frå Ål styrar for gutekursa i 1916, og Anna Selvik (seinare gift Haug) var lærar for jentekursa. Då "Lien landbruks- og husmorskule" kom igang på hausten 1922 vart desse læraraar der. Anders Haug hadde uvanleg stor interesse for ungdomsarbeid og kom til å bety svært mykje for utviklinga av landbruket i Hallingdal.        
Birgit Flaget kjende alle att på biletet. Ho er sjølv med på biletet.
Fremste rekke; Anne N Fekene, Kari Jeglheim, Gol, Anna Golberg, Gol, Birgit S Kirkebøen, Anne P. Reiergård, Olga Røren, Krødsherad, Lærer Anna Selvik og Lærer Anders Haug.
Rekk 2; Guro L. Eikre, Anne A. Viljugrein-nordre, Ingebjørg E. Haug, Birgit Åker, Geilo, Ingebjørg K Thorset, Guri Sletten, Barbro Viljugrein-søndre, Birgit S. Tuv og ............Rese.
Rekke 3; Mari B. Løken, Kari H. Løken, Guri T. Fekene, Margit E. Hulbak, Margit E. Lien, Oline Støyten, Kari Sletten (Reiarsletten), Birgit T. Anderdal, Mari Haug, Ål, Birgit Villand, Hol og Jorunn Lauvrud, Geilo
    Photo: Tomassen, Knut / Hemsedal Bygdearkiv

(gjeld og bilde 85-241) I 1910 vedtok Buskerud amsting at ein skulle setja igang landbruksutdanning i amtet. Det vart etablert 2 skular, ei for flatbygdene og ei for fjellbygdene....

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to