• FYRSTE UTLEIGEHYTTA I HEMSEDAL
vart bygd i 1916 eller 1917 på Feten som ligg i Grøndalen. På biletet ser me "nyehytta" til høgre og stølsbua til venstre. ein som har vore innom har teke biletet, og alle har stilt opp, både sjølvefolket og turistar.
Det var Knut Sletto som bygde hytta. Han ser me heilt til venstre på biletet. Deretter ser me Anders Hølto med sonen Eirik. Det var Eirik som gav opplysningar til dette biletet. Eirik Trøym held hesten.
Knut var ein flink arbeidskar, og han viste stort framsyn med å byggja denne hytta . Det var ikkje tilskotsordningar og brukbare lån for nye tiltak den gongen. Ville ein noko, måtte ein greia seg sjølv. Dei fleste sette òg si ære i det.
For å skaffa byggjevirke i det nåletrefattige  Hemsedal, hogg han raklen bjørk og telgde til reisverket. Det var mykje arbeid og tok lang tid. Men tid hadde ein bra med då, og han kom rimeleg til det. Noko av hytta er lafta. Eirik gjorde også glas og dører sjølv.
Hytta var etter tida stor, og fekk eit krossbygg.
Den Norske Turistforening hadde stikka turløype forbi Feten til Nystuen. Det slong ein og annan forbi og gjennom sumaren vart det ein del.
Når Knut såg det kom ein turist, gjekk han ut og heiste flagget. Med slik velkomst måtte ein fjellvandrar koma i godt humør. Dei vart vel mottekne på stølen, og dette gjorde sitt til at dei kjende seg heime og gjerne tok ei overnatting.
Hytta står der ho stod, men er noko restaurert.
Etter dette hyttebygget er det kome mange hytter, både utleigehytter og private, i Hemsedal som elles i Hallingdal. Talet er idag (1983)  kring 11 000 hytter." (Artikkelen stod i Hallingdølen 19.11.1983.
    Photo: Ukjend / Hemsedal Bygdearkiv

FYRSTE UTLEIGEHYTTA I HEMSEDAL vart bygd i 1916 eller 1917 på Feten som ligg i Grøndalen. På biletet ser me "nyehytta" til høgre og stølsbua til venstre. ein som har vore innom har...

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to