• Biletet er tek på Øvre Bakke og viser "Heimafølgji" til Oline R. Hulbak som vart gift med Wilhelm Wøllo. Dette var dagen før bryllaupsdagen då ho flytte til Wøllo.
Den fyrste hesten vart køyrd av brudgomen, ved sida sit brura  og mora hennar, Gunhild Hulbak. Elles er det grannane kring lagsgarden som møtte opp med hest og karmkjerrer for å køyre utstyret til gards.
Alle skulle fyrst inn på Hulbak til traktering der dei næraste grannane var møtt opp. Då dei kom åt lagsgarden, Søre Wøllo, var grannekjerringane der komne for å ta i mot ungkona og for å sjå på utstyret. Her var det òg traktering åt alle. Av utstyret kan nemnast: pløggkiste, full med vevstuvar og handarbeid, rosemåla buffé og kommode, mjølbølu, trekjerald av alle slag - frå kalveaskar til smørkinne, nemnast kan òg rokk og vevstol.
    Photo: Bakke, Jakob / Hemsedal Bygdearkiv

"Heimafølgji til Oline E. Hulbak

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to