• Fotografi av bryllaupslaget til Ingrid, fødd Trøim, og Ola A. Kyrkjebøen i 1908.
GJESTEBOD I HEMSEDAL(Hallingdølen 29.3.1979)
Eit gjestebod i gamle dagar var store ting. Det vart svalla om lenge på førehand, og det var samtaleemne i lange tider etterpå.
Eit gjestebod vara i fleire dagar, opptil ei veke. Dette biletet er frå eit brudlaup i Hemsedal i 1907, på Kirkebøen. I gamal tid heitte det Skadvin, seinare Skadensgaard. Her er det Ola O. Kirkebøen som gifter seg med Ingrid Knutsdotter søre Trøym. Me ser to gardar  der folket budde i same huset. Delen til venstre er brudlaupshuset. I delen til høgre budde den fyrste ordføraren i Hemsedal, Ola Knutsen Kirkebøen, gift med fyrste jordmora i bygda, Gunvor Kirkebøen, fødd Ulsaker. Ved Kongeleg resolusjon 27.7.1896 vart Hemsedal eige herad.
Då sonen tok over garden, bygde Gunvor og Ola nede ved "lina". Der starta dei landhandel og hotell.
Brureparet sit i trilla. Då gjestefolket kom til gards , fekk dei heimebryggja øl som velkomst. Nedst på biletet ser me to karar med kvar sin bolle: Dei gjekk omkring og skjenkte folket.
Lengst framme ser me to kvinner i fine bunader. Ho til venstre og mannen ved sida av er foreldra til brudgommen, Odd Olsen Kirkebøen og Anne Olsdotter, fødd nørdre Kikrebøen. Kvinna til høgre er mor til brura, Gunvor Trøym. I svaldøra står dei som laga gjestebodmaten.
Gjestene fekk kaffi og mat då dei kom, brødmat, rummebrød, mjølkeprim og gommobakkels. Før kykjreferda måtte dei ha mat ein gong til. Då var det grynmat (risengrynsgraut). Grauten vart aust opp i store bollar og sett midt på bordet, for alle åt or same fatet.
Då dei kom att frå kyrkja, fekk dei nonsmat, altså middag. Det var "majerd" (kokt kjøt og suppe), lefsekling og heimebryggja øl.
Nedst på biletet ser med ein vassbrunn. Der måtte dei stå  og dra opp vatnet i eit spann. Det var mykje slit på ein gard den tida. Fjøset som tilhøyrde stugu til høgre, låg lenger nedafor brunnen. Dei som budde til venstre, hadde fjøs og vassbrunn rett nedafor loftsbygningen.
Nedst til venstre står kjøpmann Erik Langehaug (Eirik på bu'n) med taumane i handa, og i kjerra sit kona, Karoline, fødd Trøym, med mange ungar kring seg.
Den gamle stavkyrkja i Hemsedal låg like ved desse gardane. Der vart den siste messa halde 9. juli 1882, same året som nyekyrkja vart innvingd. Stavkyrkja vart riven, diverre, får ein leggja til. Ein mann frå bygda fekk 80 kroner for å gjera rivingsarbeidet. Han la materialane i haugar og auksjonerte bort. Dei store stolpane vart selde til åkerruller og hoggestabbar. Ein del av materialane er no samla inn att. To utskorne inngangsportalar er båe i Universtitetets oldsakssamling i Oslo.
    Photo: Bråten, E. T. / Hemsedal Bygdearkiv

Bryllaup på Kyrkjebøen

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to