Elva Raua, mellom Reisjåvatnet og Tinnsjøen i Øst-Telemark. Fotografiet er tatt litt ovenfor innløpsrenna til tømmertunnelen, der elva flyter stille gjennom en slak kurve like ove...
Ved dette kulturminnet er det oppslått ei tavle med følgende tilleggsinformasjon om tunnelarbeidene ved Raufossen:
«Innløpsrenne til Rautunnelen
Innløpsrenna som førte tmmeret inn ...
Ved dette kulturminnet er det oppslått ei tavle med følgende tilleggsinformasjon om tunnelarbeidene ved Raufossen:
«Innløpsrenne til Rautunnelen
Innløpsrenna som førte tmmeret inn i tunnelen, vart bygd etter same trasé som den gamle tømmerrenna (meir info om tunnelen og den gamle rennapå utkikspunktet over fossen). Renna har veggar som er oppført av tørrmur med godt spekka fuger. Framanfor inntaket til tunnelen ligg renna heilt nedsprengt i fjell, men den ytre veggen i renna måtte likevel førast heilt ned til inntaket for å hindre at det flauma inn vatn frå elva.
Vasstilføringa til renna vart først og fremst regulert av kor mykje vatn som vart slept ut gjennom Raudammen. Til finregulering av vatn i renna, vart det her ved inntaket eit bjelkestengsel med horisontale bjelkar. I tillegg var det eit lukestengsel for raskt å kunne stengje renna viss dette var naudsynt, t. d. dersom stokkar sette seg fast i løpet. I dag står berre restane etter stengselet. Nedanfor er ei teikning av Rautunnelen med inn- og utløpsrenne, som m. a. viser stengselet i lengde- og tverrprofil (frå «Norsk fløtningshistorie» av Ragnvald Bødtker).
Ein kjenner til at tømmeret sette seg fast i tunnelen eingontg på 1960-talet; stokkane begynte å korke seg nede i tunnelen, og tilslutt var heile tunnelen ovanfor full av fastkila tømmerstokkar. Den einaste råda for å løyse tømmervasen, var å sprengjelaus stokkane med dynamitt. Brotningskarane gjekk inn i tunnelen frå nedsida for å leggje dynamitt mellom stokkane, og så var det berre å koma seg ut før det small. Dette var sjølvsagt eit svært risikabelt arbeid, ein stokk kunne lett lausne og skyte fart ned gjennom tunnelen medan karane var der inne. Når ladningen gjekk av og dei stod på nedsida av tunnelen og såg stokkane kom som prosjektil ut av opningen, var det ikkje fritt for at dei grudde seg for å gå innatt og feste neste dynamittsalve. Kanskje hadde stokkar lausna halvvegs under forrige skyting, og desse kunne lett sette fart på seg.
Etter fleire dagars sprengingsarbeid, var tunnelen endeleg fri for tømmer. Heldigvis hadde ingen mista livet eller uheppa seg på nokon måte under det farlege arbeidet. Men truleg vart det ikkje høge timeakkorden på brøtningskarane dette året!
Som vist på teikninga nedanfor, vart det under brotninga lagt ut lense som skulle leie tømmeret utanom fossen og inn i innløpsrenna. Lensa gjekk frå motsett elvebreidd, via 2 kar og ned til innløpsrenna. I dag står berre det øvste karet. Restane av det næraste karet er synleg ved lita vassføring i elva. Kara var opprinneleg lafta av rundtømmer og fylte med stein, medan karet som står i dag er av betong.
Langs elvebreidda er det bora ned enkelte jernstenger i fjellet. Desse vart nytta til å feste stokkar langs land, slik at tømmeret ikkje skulle kile seg fast i elvebreidda.
Rekkverket over Raufossen vart sett opp i 1995. I 2004 vart rekkverket forlenga ned til innløpsrenna, og ført vidare langs heile renna. Medan det var brotning i elva, var det inga form for sikring her ved Raufossen. Ein gong datt ein av brotningskarane i elva medan han arbeidde på stivarmen («bru» av teikninga). Heldigvis kunne han symje, og klarte derfor å komma seg inn att mot stivarmen før fossen tok han. Her fekk ein av dei andre huka tak i han med tømmerhaken, og fekk drege han til lands. Dei færraste av brotningskarane kunne symje. »
Subject
Elva Raua, mellom Reisjåvatnet og Tinnsjøen i Øst-Telemark. Fotografiet er tatt litt ovenfor innløpsrenna til tømmertunnelen, der elva flyter stille gjennom en slak kurve like ovenfor Raufossen. Her skulle fløtingstømmeret ledes inn mot den nordvestre elvebredden, der det var murt en kraftig gråsteinsmur som skapte ei skjermet renne ned mot den om lag 60 meter lange tømmertunnelen, som skulle skjerme tømmeret fra fossefallet, hvor stokkene både kunne sette seg fast og splintres. For å få tømmeret inn i denne renna lå det ei kraftig lense (en kjede av tømmerstokker) i det området vi ser på bildet her. Lensa var forankret i to kraftige kar, opprinnelig steinfylte tømmerkistekonstruksjoner. Her ser vi det nederste av dem, som later til å ha fått påstøpt et betongskall, antakelig i den siste fasen med fløting i dette vassdraget (1960-åra). Her er det, av uvisse årsaker, lagt en tømmerstokk ut mot dette karet. Langs vassdraget vokser det grandominert skog på den nordvestre sida av vassdraget (til venstre), furu på den sørøstre (til høyre), hvor det var berg med grunt jordsmonn.
Dette fotografiet ble tatt i første uke i september 2012. Bjørn Bækkelund og OT Ljøstad var da i Telemark for å utføre forskjellige ærend for Norsk Skogmuseum. Flere av oppgavene var knyttet til et pågående arbeid med å arbeide fram et bokmanuskript om tømmerfløtinga i Skiensvassdraget. Her hadde tidligere direktør i Skiensvassdragets Fellesfløtningsforening, Terje Sjøvaag, og Dieter Oswald, tidligere leder i AT Skog, utarbeidet ei liste over lokaliteter hvor det fortsatt var spor etter fløtinga. Kulturminnene ved Reisjåvatn (Raudammen og damkoia) samt den nedenforliggende tømmertunnelen var blant de stedene museet ble oppfordret til å fotografere.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».