History
-
- Hotel Udsigten blei bygd av hotelleigar Jørgen Prestegaard frå Odda, i 1897. Han bygde hotellet på ein utsiktsplass der det frå før stod ein benk og ei flaggstong. Den gong skysskarane skulle opp svingane med turistane, gjekk turistane av og tok snarvegen til Utsikten. Der sat dei og venta til skysskaren med karjolen kom og henta dei. Den engelske statsmannen William Gladstone ferierte i Norge ein gong på 1890-talet, og blei så begeistra for det han såg frå utsikten, at han kalla staden for Gladstone View i dåtidas reisehandbøker. Han meina då at det her skulle vore eit hotel. Då turistane forsvann frå Odda etter første verdskrigen, blei hotell Udsigten seld til Odda Socialdemokratiske Ungdomslag i 1918. Ungdomslaget ville ha det som ferie- og kurstad. Då OSU byte namn til Odda Kommunistiske Ungdomslag i 1924, hadde dei innviingsfest på Udsigten. I 1950 kjøpte hotellmann Knut Patterson Udsigten og bygde det om. Frå no var namnet Hotell Utsikten. Patterson var sjølv med i arbeidet, saman med byggmeister Håra og arkitektfirmaet Vaardal Lunde. Det gamle hotellet blei rive heilt ned, og det nye bygd opp på same grunnmuren, med materialet frå det gamle, og med kjellar. Heile ombygginga kosta 125 000 kroner. Hotellet var ope fram til sist på 1980-talet, då det blei overteke av stiftinga KFUK-KFUM, som pussa det opp på dugnad fram til 1990, då dei tok det i bruk som ungdomssenter.
-
Fotografering - 1928
-
Eierskap
Classification
License information
Metadata
- Identifier I-04644
- Part of collection Kraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collection Hordaland
- Institution Kraftmuseet
- Date published March 18, 2014
- Date updated September 29, 2023
- DIMU-CODE 011012861931
- UUID 7ba32cfa-36d4-466e-8c34-c1afe42b6fcd
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».