History
-
M/S Sørfjorden tilhøyrde Odda Smelteverk AS, og førte kalkstein mellom Skaftaa og Odda. Det var denne båten som henta appelsiner i Ulvik frå det norske skipet "San Miguel" under andre verdskrigen. Skipet, som gjekk på "Spanskelinjen", låg til kai i Ulvik, og var fullasta med appelsiner. Fire tyske torpedobåtar kom inn fjorden, og starta skyta mot land. Sivilbefolkninga hadde allereie vorte evakuert. Mannskapet på San Miguel hadde opna ventilane i botnen av båten for å senka han for å hindra at han fall i tyske hender. På førehand hadde dei lossa båten for dei fleste av dei i alt 27 000 kassane med appelsin og delt dei ut gratis til alle som ville ha. Alle bygdene i Hardanger fekk meir appelsiner enn dei kunne eta desse dagane.
Tyske soldatar entra båten for å freista redde han, men vart skotne på av norske soldatar. Heile Ulvik blei skote i brann av dei tyske skipa denne dagen, to nordmenn miste livet.
Kjelde: Avisartiklar på nb.no - t.d. Haugesunds Avis 10.12.1990Fotografering: 1919 - 1920
Classification
License information
Metadata
- IdentifierI-02548
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedMarch 18, 2014
- Date updatedSeptember 29, 2023
- DIMU-CODE011012857242
- UUID30ebf572-cfba-4395-b4be-c9e698e9eb13
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».