History
-
-
Ulukka som førde til at ein HSD-buss hamna ute i den flaumstore Opo-elva, hende den 7. mai i 1949. Utforkøyringa skjedde etter at ein drosjebil som var i ferd med å passera bussen, kom borti framhjulet på bussen, og at det verka som bilane ei stund «hekta seg saman». Også drosjen skar etterpå ut, men vart ståande i elvekanten på nedsida av vegen. Bussen vart liggjande på sida ute i den strie elvestraumen. Det vart utført ein redningsbragd av dei store, og utruleg nok var det ingen som miste livet.
-Eg var med i bussen, fortel Betty Olsson. Ho hugsar at bussen raskt vart halvfull av vatn, men at alle på ein eller annan måte kom seg i land. Med hjelp av folk som kom til staden var det lagt ut ein lem til grinda bussen hadde på taket, og passajerane vart hjelpte i land.
-Men det heldt på å gå skikkeleg gale for ein eldre mann. Han var på veg nedover elva, men folk fekk utruleg nok tak i han litt lenger nede, fortel Betty Olsson som miste alt ho hadde med av klede og sko.
Gunvor Lekve var også med på ulukkesturen. Ho fortel at mange av passasjerane fekk kutt og småskader då bussen gjekk utfor og velta i elva.
-Om vi kom oss ut takluka eller eit sidevindauge er eg ikkje sikker på, men det var ein god del folk med på turen, og alle kom altså frå det med livet i behald.Fotograf på staden var Olav Meland, far til Knut Meland, sjåfør hjå Odda Rutebuss.
-
Fotografering - 1949 (7. mai)
-
Produsent
Aasen, Thorleif Peder (1921 - 2008)
sikker
- Adresse, Hordaland Odda Ragdevegen 78
- Gender Mann
- Nationality Norge
- DigitaltMuseum Search in «Aasen, Thorleif Peder»
-
Classification
-
- Topografi og geologi (Outline) OU 133
- Befordringsmidler (Outline) OU 493
- Katastrofer (Outline) OU 731
License information
Metadata
- Identifier I-02086
- Part of collection Kraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collection Hordaland
- Institution Kraftmuseet
- Date published March 18, 2014
- Date updated September 29, 2023
- DIMU-CODE 011012856338
- UUID 8129a136-76dd-47cd-86a1-b0532c12096a
- Tags
1 comment
Sveinung Berild, October 17, 2019
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».