History
-
- Carl Gustav Carlsson var fødd i Sverige i 1866. Han var ein dyktig og etterspurd murar som arbeidde for eit firma med sete i Stockholm. Han reiste rundt på oppdrag og bygde kalkomnar, eit arbeid han spesialiserte seg på, og som førte han til mange land og byar, endå til Jerusalem. Han arbeidde m.a. hos Alfred Nobel då Nobel fann opp dynamitten. Carl Gustav var gift med Augusta, saman fekk dei tre born. Kona og ungar levde mykje aleina mens Carl Gustav var på arbeidsreiser. Han kjem også til Alby i Sverige. Her treff han Albert Petersson som tar Carl Gustav og nokon andre murarar med seg til Odda, der dei får i oppgåve å mura kalkomnane til det som skulle bli verdas største karbidfabrikk. Petersson blir begeistra for Carl Gustav, og ber han om å bli verande i Odda som formann i fast stilling. Familien kom til Odda med tog frå Norrköping til Oslo, med båt rundt kysten til Egersund og tog til Stavanger. Derifrå med båt til Bergen, der faren kom og henta dei, og så gjekk det vidare med båt til Odda. Heile reisa tok to veker. Mottakinga på kaia i Odda var formidabel, der ordførar Apold var av dei som tok i mot, og inviterte familien på kaffi i heimen sin. Faglærte spesialarbeidarar var svært ettertrakta og blei ofta verva og også delvis verna av industrileiinga med at dei fekk formanns- eller bastittel. Mor Augusta er utrøsteleg dei første vekene. Ho finn seg ikkje heilt til rette mellom dei steile fjella, lengtar heim til dei flate slettene ho er vane med. Dette til tross, blir dei verande i Odda resten av livet.
Fotografering: 1922 - 1927
Eierskap
Classification
License information
Metadata
- IdentifierI-01370
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedMarch 18, 2014
- Date updatedSeptember 29, 2023
- DIMU-CODE011012854856
- UUID23e7b825-4cc8-4d90-8fec-f6e6f868d235
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».