History
-
- I 1882 kjøpte brørne Svein og Mikkel Tollefsen Vetrhus Hotel i Odda. Svein Tollefsen var ein dyktig hotellmann, og hotellet han bygde var stort og moderne og stetta dei krav engelske turistar stilte til komfort. Dei bygde ut hotellet, som var ferdig i 1887 og fekk namnet Hotel Hardanger. Då Svein Tollefsen døydde i 1889, berre 38 år gamal, gjekk hotellet over til broren Mikkel og fru Sofie. Bror til Sofie Tollefsen, Theodor Simonsen, stod for administrasjonen av den store verksemda som hotellet etter kvart vaks opp til. Fru Sofie Tollefsen hadde ansvaret for den indre administrasjonen og var ei høgt respektert dame. I Odda gjekk ho under namnet "Fruen" eller "Fruo". Det var Theodor Simonsen som i røynda var hoteldirektør. Det var han som hadde alle trådar i si hand når det gjaldt å få heile apparatet til å fungera knirkefritt. Då hotellet brann dned i august 1895, var det kontorsjef Simonsen som fekk med seg arkitekt Hans-Heinrich Jess frå Bergen til Odda for å planlegga det nya hotellet. Antakeleg hadde Tollefsen gått med tankar om å utvida hotellet med hjelp av arkitekt Jess då det brann ned. Truleg hadde arkitekten allereie deler av teikningane klare. Berre ti månader tok det før det stod klart til å ta imot nye gjester i juni 1896.
Fotografering
- ProdusentSchrøder, Bernt Martin Henrik Nilsen (1845 - 1900)sikker
- History
Født 29.09.1845, død i Lofthus 06.11.1900. Sønn av informator, gartner og skrivelærer Peter Henrik S. og Andrea Sophie Nielsen. Begynte å fotografere allerede i 1871, men fikk først eget firma da han sammen med danselærer Hoppe startet atelieret "Schrøder & Hoppe" i Strandgaden 26 i 1886. De averterte med "Specialitet Moment Børnebilleder". Hoppe døde i 1890, og Schrøder fortsatte en kort tid alene, flyttet deretter til Lofthus i Hardanger. Hans plater fra Hardanger (ca. 500 stk.) ble overtatt av Marthinius Skøien, og ble i 1971 takket være Josef Lutros iherdige innsats, funnet hos den skomakeren Skøien hadde losjert hos, reddet og plassert på Hardanger Folkemuseum i Utne.
Virkested:
1891 ca-1900: Lofthus
1871 ca-1891 ca: BergenGunnhild Slaatto Opedal som sende Schrøder-glasplater til Hardanger Folkemuseum (journalført 17.12.1990), etter at Josef Lutro hadde spurt etter dei, har fortalt i brevet som følgde med: Bernst Schrøder kom til Lofthus i 1890. Han hadde då tuberkulose og venen Garmannn Andersen som var lekjar på Lofthus og spesialist på tuberkulose, meinte at det var bra for han å koma til Hardanger sidan lufta var så god her. Den første tida budde Schrøder på Århus, men då han var smittefri flytta han ut til "Lidarende" eller "Eidnesbøen" til Helena og Torgils Eidnes. Syster hans budde då i lag med han og stelte for han og han heldt fram som fotograf.
Då han døydde, hadde Garmann Andersen lov å obdusera han, og han fann ut at tuberkulosen hadde innkapsla seg i lungene.
Gunnhild fortel òg at glasplatene som dei fann på loftet i huset på "Lidarende" var i god stand, det låg papir mellom kvar plate. Haldor Vik laga kopiar i tre eksemplar og nummererte platene før Hardanger Folkemuseum overtok. - Adresse,Norge Hordaland Ullensvang
- ProfessionFotograf
- GenderMann
- DigitaltMuseumSearch in «Schrøder, Bernt Martin Henrik Nilsen»
- History
Classification
Placement
License information
Metadata
- IdentifierI-01152
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedMarch 18, 2014
- Date updatedFebruary 1, 2024
- DIMU-CODE011012854251
- UUIDf1fe36a1-7f84-4315-9381-fc2c1ff8ede0
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».