History
-
- Far til syskjena, Carl Gustav Carlsson var fødd i Sverige i 1866. Han var ein dyktig og etterspurd murar som arbeidde for eit firma med sete i Stockholm. Han reiste rundt på oppdrag og bygde kalkomnar, eit arbeid han spesialiserte seg på. Carl Gustav var gift med Augusta, saman fekk dei tre born. På sine reiser kom han til Alby i Sverige for å mura omnar til ein ny fabrikk som skulle produsera kalsiumkarbid. Her traff han Albert Petersson som tok Carl Gustav og nokon andre murarar med seg til Odda, der dei fekk i oppgåve å mura kalkomnane til det som skulle bli verdas største karbidfabrikk. Albert Petersson var begeistra for Carl Gustav, og ba han om å bli verande i Odda som formann i fast stilling. Carl Gustav sender bod etter familien i Sverige. Sonen Herbert var 6 år då dei reiste til Odda. Han fortel at dei reiste med tog frå Norrköping til Oslo, med båt rundt kysten til Egersund og tog til Stavanger. Derifrå med båt til Bergen, der faren kom og henta dei, og så gjekk det vidare med båt til Odda. Heile reisa tok to veker. Mottakinga på kaia i Odda var formidabel, der ordførar Apold var av dei som tok i mot, og inviterte familien på kaffi i heimen sin. Faglærte spesialarbeidarar var svært ettertrakta og blei ofta verva og også delvis verna av industrileiinga med at dei fekk formanns- eller bastittel. Mor Augusta var utrøsteleg dei første vekene. Ho fann seg ikkje heilt til rette mellom dei steile fjella, lengta heim til dei flate slettene ho var vane med. Dette til tross, blei dei verande i Odda resten av livet.
Fotografering: 1908 (ca)
- ProdusentBorgh Rasmussensikker
- Adresse,Norge Hordaland Odda Røldal
- ProfessionFotograf
- DigitaltMuseumSearch in «Borgh Rasmussen»
Eierskap
Classification
License information
Metadata
- IdentifierI-00987
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedMarch 18, 2014
- Date updatedSeptember 29, 2023
- DIMU-CODE011012853777
- UUID432f92f9-468b-447b-b432-d45404cbc8ba
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».