Båteigarar, Arnfinn og Lars Erdal
I følge mine opplysningar så vart VONI bygd av I.F. Mack, Southtown Yarmouth i 1874. Dimensjonar var 53,2/15,4/7,0 fot. Levert som seglande fiske ...
Båteigarar, Arnfinn og Lars Erdal
I følge mine opplysningar så vart VONI bygd av I.F. Mack, Southtown Yarmouth i 1874. Dimensjonar var 53,2/15,4/7,0 fot. Levert som seglande fiskefartøy HOPE til R.F. Hinde, lowestoft. Fiskerinr LT 666. Båten hadde fleire eigarar der, før den kom til Noreg i 1891. Det er usikkert når Vambheim kjøpte båten, men truleg rundt 1920. Pr. 1922 hadde han framleis namnet HOPE og hadde fått insett ein 30hk Ideal. Eigar var då Sylfest Vambheim. Seinare omdøypt VONI, og til slutt ERDAL. Som ERDAL var båten eigd av Anfinn Erdal P/R i Eidfjord.
Slutten på historia er for meg ukjent, men eg skal sjekka litt i registreringsdokumenta og merkeprotokollen frå fiskeridirektoratet så finn ein kanskje ut meir, Siste kjente eigar var Olav S Vambheim, som eigde båten pr 1965 vertfall.
Det hadde vore kjekt om ein skulle finna bilete av båten frå litt nyare tid.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».