• Bildet frå Midsund alders- og sjukeheim som stod i laurdagsavisa, viste Knut Drønnesund (1899-1995) som læremeister og Lars Eivind Ræstad som læregut. Det kunne Arne Drønnesund slå fast. Namnet Knut Drønnesund var noko kjent for meg: Våren 1980 var eg saman med Erling Sætervik og nokre til, i Drønnesundet og tok ned naustet til Drønnesund notlag for å flytte det til Fiskerimuseet på Hjertøya. Medan eg var oppteken med å dokumentere notnaustet (frå 1834) før nedtakinga, kom to eldre menn i land med dagens fiskefangst. ”Urbefolkning”, tenkte eg og tok bilde av dei. Arne Drønnesund har stadfesta at karen til venstre er Knut Drønnesund, den same mannen som lærde ungdommen å binde garn på aldersheimen sist i 1980-åra. Han hadde som vanleg med seg Ole Rosvik (1896-1983). Takk også til Møyfrid Gangstad..Trykt i Romsdals Budstikke den 28.11.09.
    Photo: Romsdals Budstikke / Romsdalsmuseet

Bildet frå Midsund alders- og sjukeheim som stod i laurdagsavisa, viste Knut Drønnesund (1899-1995) som læremeister og Lars Eivind Ræstad som læregut. Det kunne Arne Drønnesund slå...

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to