• Rydjord for 100 år sidan..Bildet av garden som vi etterlyste namnet på, var frå Oppigarden, Rydjord på Holmemstranda, gnr. 164/2 i Rauma kommune. Her har vi fått samstemte opplysningar frå Bjarne Dahle, Ottar Rydjord og Kåre Sandnes. Bak løa skimtar vi Rosvang, bnr. 4. I bakgrunnen ser vi først Rydjordfjellet og så Tarløysa bak dette igjen. ....Det gamle tunet på Rydjord låg her fram til 1870. Bruk nr 1 flytta då ut og her regjerer budstikkejournalisten Ottar Rydjord. Det er klart han visste kvar dette var. I samband med utflyttinga vart det halde branntakst hos Ole Jørgensen i Oppigarden. Stuebygningen hadde då truleg fått nytt teglsteinstak. Løa var også med i taksten frå 1870, altså er ho eldre enn 1870. I 1910 leverte Ole H. Mittet skiferstein til løa. (I Romsdalsarkivet ligg alle protokollane hans, nemleg.) Etter som løa har torvetak på bildet, viser det at bildet er minst 100 år gammalt! Løa og det karakteristiske doet på hjørnet, vart rive i 1960-åra. ....Eg var på ei interessant befaring i stuebygningen den 9. september 1999 saman med Kyrre Berg. Det er snakk om eit kulturminne med høg kulturhistorisk verdi! Over døra i stua står ”Jørgen Olsen og Anne Knudsdtr. Rygjer Aar 1847”. På mørkeloftet var det bevart sperrer frå den tida det var røykstue på garden. Det er det ikkje mange som har i dag...Bjørn Austigard
    Photo: Fredrik Misfjord / Romsdalsmuseet

Rydjord for 100 år sidan..Bildet av garden som vi etterlyste namnet på, var frå Oppigarden, Rydjord på Holmemstranda, gnr. 164/2 i Rauma kommune. Her har vi fått samstemte opplysni...

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to