Slåtteenga - Di historie og framtid

Ein post i Hjartdalsforteljingar (Den digitale kulturlandskapsruta). Historia om den game typen slåtteeng, "villenga" og tydinga av denne i gamal og ny tid.

Dette er slåtteenga på Nord-Blika, ei av mange slåtteenger i Hjartdal-Svartdal som blir drive på nennsamt vis. Kvifor har ein teke vare på så mange slåtteenger i Hjartdal-Svartdal, og kva har dette med di historie og framtid å gjera?

Noreg er eit utmarksland. Berre 3% av landet er dyrkbar jord. Difor er det husdyrhaldet og beitinga som er berebjelken for livsopphaldet vårt. Før det industrielle jordbruket, var det å skaffe nok vinterfôr den store flaskehalsen. Dei slo så og seia «over alt» for å få nok høy.

I dag er den gamle typen slåtteeng den mest artsrike naturtypa me har (i Noreg). Mangfaldet av blomar fører også med seg eit rikt insektliv, som er viktig for landbruket. Forskarar som leitar etter måtar å møte klimaendringane på, ser på tilpassingar i nettopp desse engene.  

Men kvifor er det akkurat slåtteenga som er så artsrik? Dei slo seint på sommaren i gamle dagar. Slik rakk alle artane å frø seg. I motsetjing til i ei beitemark, der nokon blir føretrekt framfor andre, er «alle like for ljåen». Sist, men ikkje minst, heng det saman med at engene var ugjødsla. Det ein hadde av gjødsel, måtte brukast på åkeren. Slik fekk heller ingen storvaksne planter overtaket.

Det er noko paradoksalt i dette, at den gamle slåtteenga, som er så nøysam i alt sitt vesen, viser seg å gi det største mangfaldet. Og ber på nokre av løysingane for morgondagens utfordringar.

Langs Gullstigen frå Hjartdal til Svartdal går du rett forbi fleire vakre slåtteenger. Stigen er merka med raude stolpar. Du får også eit utsyn over målariske Flatdal.

Dette er ein av fleire postar langs Den digitale kulturlandskapsruta (søkeord Kulturlandskapsruta), utarbeida med støtte frå  Hjartdal kommune

Hjartdal 2014 / oppdatert 30.04.2015, Ingvill Marit Buen Garnås, Kulturlandskapssenteret i Telemark 

1 comment

  • Gullstigen er aller finast å gå i mai når systermarihand er i bløming. Når det er tidleg vår, kan det vera i gang alt i april.

Share to