main article image
Lena Eikeland Kutschera

Crazy quilten frå Nybyggarstova

Vi forbind gjerne quilting med strengt geometriske og regelmessige blokkar systematisk bygd opp til dei flottaste mønster. Det fins ein type quiltetepper som bryt med alle desse reglane. Dei er som livet - bygd opp i fasar og tilnærma blokkar, men kan ta ulike og bråe vendingar, har ulike sjatteringar og er rikt samansett i både form, farge, struktur, logikk og tekstur, grov eller fin, hard eller mjuk overflate alt etter kva skaparen vel å ta med seg og vise fram . Desse quiltene vert kalla Crazy quilts, ein slik ein slik har vi i samlinga vår på Vestnorsk utvandringssenter.

Quilten frå Nybyggastova

Museumssenteret i Hordaland

Crazy quilten i samlinga vår er etter alt å dømme laga av ei av dei som budde i Nybyggarstova frå Minnesota, som vi no har på Sletta.

Kaja (Seem) Woldy vart fødd i 1868, då foreldra hennar Karen og Andreas og ei søster utvandra til USA. Karen var 29 år og svensk, og Andreas Olsen Seem 47 år og frå Nord Trøndelag. Dei gifta seg før dei utvandra til Amerika i 1867.

Kaja vart fødd i Filmore County, der familien hadde ein stopp på vegen for å finne seg nytt land og skape seg eit nytt liv i Minnesota. Her finn vi dåpsattesten til Kaja, og her signerte Andreas sin erklæring om at han hadde som intensjon å verte amerikansk statsborgar. Då papira var stempla og godkjent kunne den litle familien på fire laste opp prærievogna og ta fatt på neste etappe for å etablere seg. Ferda enda i Sverdrup township og her sette dei påler i bakken på ein ledig seksjon, og bygde seg ei stove og starta å ta i bruk landet.

Kaja vaks opp ved Bass Lake der faren Andreas innan fristen fekk oppfylt krava etter Homestead act. Familien vart etterkvart amerikanske statsborgarar og fekk landstykket på 160 acres (640 mål) til eige. I dag har det vokse fram ein liten småby, Underwood, i Otter Tail County, Minnesota, der nybyggarane slo seg ned i 1869.

Nybyggarstova i nytt land

The Bass Lake House i Underwood, Minnesota i 1887

Då huset vart bygga var der solid eikeskog som gav tømmer til hus og møbler, men også ved til varme og matlaging. I skogen var det mykje småvilt som gav mat, og i innsjøane var det rikt med fisk. Her skulle nybyggarane temme landet, dyrke og så, avle og hauste, og bidra til å føre sivilisasjonen til Amerika.

Andreas hogg ned skog, og bråtte opp land. Han var kyndig i snekkerarbeid og bygde sjølv huset med hjelp av naboar, to andre nybyggarfamiliar slo seg nemleg også ned i Sverdrup Township. Andreas hadde med seg tømmerreiskap frå gamlelandet, og desse vart seinare også nytta til å bygge på huset og uthus, og til mellom anna å snekre kister når det trongs.

Liv i hus og landskap

Løa som Andreas bygde ser vi bak den staselege vognen med etterkommarane hans. Bildet er frå 1913

Andreas hadde også med seg ei fele som ofte vart tatt fram når det kom nye folk ut på jakt etter land å busette seg i, og stoppa ved dette "halfway house" som nybyggerstova vart kalla. Huset deira vart kjent som The Bass Lake House. Slike hus var gjerne stoppestader på veg til nytt land, eller på veg til meir sentrale stader, då dette var ei tid der ei reise gjerne var så lang at den kravde overnatting. Fela gav nok lyse og livlege stunder med dans og moro kring huset, og rundt prærievogner, på vegen til å slå røter i nytt land.

Karen var også aktiv i å bygge det nye livet, og hadde med seg kunnskap, men måtte nok også lære seg å gjere ting på nye måter. Ho hadde linåker på farmen deira, og sto sjølv for prosessen med å dyrke og bearbeide fibra til tråd, og det vart både madrasser og handklede av den vevde linen. Ho hadde også sauer som ho klippa og lagde garn og strikka sokker, votter og sjal. Av stoffremser fletta og sydde ho matter til å lune litt frå golvet.

Her i Nybyggarstova der foreldra etablerte seg i nytt land, med nytt språk, nye sosiale nettverk og nye måtar å gjere ting på og tilpasse seg, vaks Kaja opp. Ho fortalde borna og borneborna sine at ho hugsa ho vart plassert i ei stor gryte for å ikkje gå i vegen eller stikke av, slik at mora fekk skjøtte arbeid som trongs i hage og grønsakåker. Gryta vart også brukt til å koke såpe og talg som vart til lys.

Kaja mellom foreldra sine Karen og Andreas kring 1878

Då Karen kom frå Sverige til Norge hadde ho med seg dottera Johanna, og Kaja vaks opp med halvsøstera som var kring 10 år eldre. I 1872 fekk dei ei litlesøster som var utviklingshemma. Dei to jentene var forventa å passe på kvarandre og søstera. Saman med mora, og som det var vanleg på den tida, hadde jentene og kvinnene ansvar for heim, klede og husdyr, medan mannen skjøtte farm, åker, jakt, bygningar og gjerder.

På farmen dyrka dei mais, bygg og kveite. Her var mykje skog og eng, og til onner trongs det leigehjelp eit par veker i året. Her var arbeidsokser og to mjølkekyr, tre kalver og fem lam, to griser og 12 høner.

Nye generasjonar

Kaja i 1889 då ho gifta seg med Gullik

Den vesle nybyggarstovar vart bygd på, også i løpet av Andreas sin levetid. Stova fekk både fleire rom, kjellar under, og veranda omkring.

Det vart ikkje gutar i barneflokken, og halvsøstra gifte seg og flytta ut alt då Kaja var berre 8 år. Den yngre søstera som var utviklingshemma, ho vart buande med mora Karen, først i nybyggarstova, seinare flytta dei ut. Hus og farm var det Kaja som skulle føre vidare.

The Bass Lake House tok altså innlosjerande, anten på veg mot nytt land, til eller frå bytur, då det låg langs hovudevegen til Fergus Falls, eller i samband med ulike arbeid.

Etterslekta reknar med at det var ein del unge innlosjerande menn som kasta lange blikk etter den unge Kaja med tanke på giftarmål. Kaja jobba ei tid hjå ein familie i Dakota, men vart kalla heim til Minnesota. Då var Gullik Woldy innlosjert der, ein norskfødt immigrant frå Hallingdal, som kom til Amerika med familien sin som 3-åring. Han jobba med jernbanebygging, og dei fann saman.

Kaja var 21 år då ho gifta seg med den 19 år eldre Gullik i 1890. Under eitt år etter giftarmålet døydde Andreas, og han fekk dermed ikkje møte sitt første barnebarn.

Modernisering og sosialt liv

The Woldy house i 1956

Gullik var godt vaksen og ein driftig kar då han og Kaja overtok farmen. Det vart sett i gong meir dyrking av jord og gardsdrifta vart utbedra og modernisert. Det var betre jernbanesamband og levering av varer vart lettare. Sjølv om Gullik var 19 år eldre enn Kaja meinte dei som møtte dei begge, at Kaja ikkje lot seg dominere av han. Dei fekk fem born saman, fire jenter og ein gut.

Familien var glade i godt selskap og hadde mykje besøk av venner, familie og naboar. Kaja var alltid nøye med å servere god mat til rett tid. Dei likte musikk og huset var gjerne fylt med musikk og dansande føter. Ho oppmuntra borna til å få seg utdanning. Jentene flytta etterkvart ut, medan sonen dreiv farmen saman med Gullik. Huset og heimen fekk etterkvart nemninga The Woldy house etter dei som no dreiv farmen.

Saum og sut?

Kaja fyller 90 år i 1958

Modernisering og utvikling hadde også ført til banklån, og så kom 1. verdskrig. Slekta fortel at særleg i desse krigsåra gjekk Kaja sin symaskin flittig. Gullik døydde i 1922 og sonen arva ikkje berre farmen, men også gjelda, men fekk reforhandla slik at den vart redda. Så kom krakket og The Great Depression, dei harde 30-åra, men dei slapp heldigvis lett frå det, og familien hjalp kvarandre gjennom vanskelege tider. Gjennom desse åra var det nok likevel stunder av glede.

Barnebarn kom til og slekta vaks. Dei fortel om piknikar i skogen, fiske i innsjøen like ved, ski og skøytelek på vinteren. Dei grov ut blåleire frå innsjøen på sommaren. Spennande ekspedisjonar til nordre enden av farmen for å leite etter indianargravplassar. Det var aldri mangel på underhaldning.

Kaja vart over 90 år, og ho vart feira flott med familien. Ho budde tidvis i huset ho vaks opp i og tidvis hos døtrene sine i sin alderdom. Ho døydde i 1962, 94 år gamal.

Kva med Crazy quilten?

Ja, kva har no dette med Crazy quilten å gjere?

Tradisjonelt er ein quilt meir enn berre eit teppe. Ein crazy quilt er også mindre prega av symmetri og geometri enn andre quiltetepper. Eit ekstra element med denne type quiltar er også dei mange, vakre og varierande broderistinga som er på dei usymmetriske og lite samanhengande lappane.

The story of my life is pieced onto it. All my joys and all my sorrows.

Desse sitata er frå ein quiltar, og kan representere kva mange quilteelskarar kjenner for arbeidet sitt.

Patchwork? Ah no! It was memory, imagination, history, biography, joy, sorow, philosophy, religion, romance, realism, life, love and death; and over all, like a halo, the love of the artist for his work and the soul's longing for earthly immortality

(Eliza Calvert Hall, Aunt Jane of Kentucky, 1994:30)

Då kan en starte å reflektere kring Kaja sin crazy quilt. Her ser vi hennar nydelege handsaum som kantar og forsterkar lappane som er sett saman til blokkar. Små rankar og bordar, ein liten blomst her eller der. Stoff i ulike kvalitetar, teksturar, farger og mønster. Kor kjem alle desse frå? Kva anledningar har dei vore med på?

Vi kan tenke oss alle kvardagane og høgtidsdagane som quiltemakaren har vore med på gjennom eit langt liv.

Ser vi igjen stoffer frå ulike høve?

Mor Karen sin kjole eller far Andreas sin vest? Kjoler frå uilke høgtidsdager i livet - dåp, konfirmasjon, sitt eige eller barns, kan hende til og med barnebarn sitt bryllup. Er det stoff frå Gullik sine dress, eller Kaja sin kjole frå søndagsbruk, kvardagsklede, julehøgtid eller åremålsdagar. Kva med stoff som er nytta i glade ungpikedagar eller som moden kvinne, eller til sorg og harde tider.

Kor mykje av dette levde livet kan en sjå igjen teppet? Då teppet var laga var det nok mange minner knytt til det. Kan hende dei rundt ho også kunne kjenne igjen eit tøystykke her eller eit mønster der i teppet.

Då kan teppet saman med historia om Nybyggarstova gje oss eit lite gløtt inn i livet til den som har skapt teppet. Har det vorte slik no at det som står igjen berre er handverkaren sin evnar, dugleik og sans for kompisisjon som står igjen, som eit monument over dette, medan alle dei andre elementa er tapt.

Om berre teppet kunne fortelle!

Livshistoria og det at ettarkommarane valgte å donere teppet til Vestnorsk utvandringssenter viser kor tett dei meinte historiane til desse to var vevt i kvarandre, og i Kaja sitt liv . Dei meinte dei skulle få vere saman i landet kor menneska som levde og brukte dei hadde røtene sine.

Detaljar i teppet

Nybyggarstova og crazy quilten

Her finn du litt meir informasjon om bådet stova ot teppet i samlinga vår:

Flere quilter på andre museer

Kjelder

The House tha Andreas and Karen built - A tribute From Their Great-Grandchildren. Privat hefte overlevert i forbindelse med at Nybyggerstova ble donert til Vestnorsk utvandringssenter, 1998. Satt sammen av Luverne Woldy Kiene på vegne av moren Mrs. Maurice Wody.

Quilting - Quotations celebrating an American legacy, 1994:12, Lincoln county, West Virginia, Quilter, The Mountain Artisans Quiltins Book

Order this image

Share to