Reichskommisar Josef Terboven på befaring på Nordag-anlegget i Odda
Reichskommisar Josef Terboven på befaring på Nordag-anlegget i Odda Kraftmuseet arkiv (copyright)

Krigsåra i Odda

Tyske fly passerte stadig over Odda etter 9. april 1940. Ingen tok det så veldig alvorleg før den 23. april då krigen traff Odda som lyn frå klar himmel.

Tyske bombefly kom lågt over Odda og byrja ei uventa terrorbombing. Ei av dei fyrste bombene traff og knuste eit av Odda Smelteverk sine bustadhus i Straumen, på folkemunne kalla "Ulvahiet".

Fire menneske mista livet: Hilda Hjørnevik, Bergljot Halling, Ragna Johannessen og den 15 år gamle sonen hennar Olaf Rolf.

Fleire vart alvorleg skada, ein mista synet. Krigen som oddingane berre hadde lest om vart no blodig alvor. Det braut ut fullstendig panikk, dei fleste ville ut av byen. Evakueringsnemda tok i bruk alle disponible transportmidler og folk flykta oppover dalen og utover fjorden. Kalkbåten "Sørfjorden" gjekk med full last av flyktningar til vestsida av fjorden. Alle stader tok bygdefolket vel imot dei evakuerte og hjalp dei på beste måte.

Rolf Helle var 12 år og skulle til Freimstølen denne dagen. Han skulle ha med seg ein gut han ikkje kjende noko særleg, men då han kom heim til guten for å henta han, sa mora at han hadde ombestemt seg og ikkje ville vera med likevel. Guten heitte Olaf Johannesen.

Då Rolf var kome til Freimstølen såg han dei tyske flya, bombene då dei fall og røyken som steig opp frå Odda etter eksplosjonane.

Aslaug Vikør fortel i "Odda i manns minne"

Den 23. april 1940 var den grusomste dagen i mitt liv. Om morgonen måtte eg opp til syarbeidet i "Kvinners hjelpetjeneste" Eg følte meg ikkje vel, fekk feber og kom meg heim. Eg tok medisin og sovna ei stund. Frå senga eg låg i såg eg fly mot himmelen. Me sprang ikkje inn i kjellaren slik ordren var, men så small det. Vindauget fauk opp og eg såg mykje eld og rauk gjennom det. "Eg trur dei bomma!" skreik mor og for ut til kjellaren. Eg måtte få på meg meir klede og var heilt fortumla. Då ser eg gjennom andre stoveglaset at fleire bomber i lag går forbi svenskebåten som låg nedmed kolakaien. Dei landa i sjøen ca 100-200 meter frå båten. Det var første raidet.

Me var i sjokk. Eg kom meg ut og der kom ein svenske frå båten springande. Han tok meg under armen og for med meg heilt opp til skoggrensa. For han var redd! Han fann seg ei ur og kraup inn så langt han kunne, tente seg ein sigarett og sa: "Dom kan bara prøva at komma til Sverige!"

Så gjekk alarmen igjen og ein tornadoliknande lyd av fly og bomber kom. EIn lyd som sat i meg lenge. Målet for bombinga var Hospitset der øverstkommanderande heldt til, men det var skytningstova som fekk det. Ei bombe fall i Opo og dei sende kuler etter alt som levde på brua. Etter ei tid kom folk fram frå urer og var redde. Me fekk beskjed om at båten "Sørfjorden" skulle gå utover fjorden med dei som ville evakuera. Me pakka og var ganske skjelvne då me om kvelden gjekk over brua og inn til Odda. Me vassa i glas, det fanst ikkje ei heil ruta igjen i heile rådhuset. Me vart evakuert til Rogdaberg og vart teken svært godt imot der.

Tyskarane inntok Odda

Det gjekk nokre dagar før tyskarane viste seg i Odda, men den 2. mai kom det ein fortropp som slo opp følgande proklamasjon:

Til befolkningen

Den tyske øverstkommanderende har gitt ordre om følgende: "Envher sammenstimling av folk på gatene er forbudt. Mellom kl. 23 til kl. 5 morgen har alle å holde seg innendørs, og enhver ferdsel i gaten mellem disse klokkeslett er forbudt"

Så reiste dei att, men den 15. mai vart det oppretta Ortskommandantur i Odda. Den fyrste Ortskommandant var kjeksfabrikant i det sivile og interesserte seg fyrst og framst for brødforsyninga til soldatane sine.

Nordaganlegget

På Eitrheim byrja det tyske foretaket Nordag byggjinga av ein større elektrolysehall for aluminium, og Nordag opptok forhandlingar med Tyssefaldene AS om utbygging av Tysso 2 for å skaffa kraft til prosjektet.

Forhandlingane vart bevisst sabotert av Tyssefaldene som ikkje fann det formålstenleg å slippa Nordag inn som aksjonær i selskapet, men heller "forhandla" for å hala tida ut. Tyskarane vart utålmodige og sette i 1941/42 i gong arbeidet med Tysso 2 etter sine eigne planar, men utan nokon avtale med Tyssefaldene.

På Eitrheim og i Skjeggedal var til tider bortimot 1000 mann i arbeid, mange av dei russiske krigsfangar. Då krigslykka byrja snu vart det heile gjeve opp sommaren 1943. Det meiste vart rive og skipa med båt frå Eitrheim til Tyskland. Arbeidet som var gjort på Tysso 2 skulle sidan visa seg å få liten eller ingen verdi.

Dei siste åra

Året 1943/44 vart på mange måtar eit vanskeleg år, med mangel på nær sagt alt. Men det var tydeleg at krigen måtte gå mot slutten. Ein funksjonærbustad i Tungebrekka som var rekvirert som residens for "Ortskommandanten" vart omsider frigjeven. Diverse rom i den store bustaden i Hovden vart frigjevne frå "Wehrmacht" si innkvartering. Ein annan funksjonærbustad i Tungebrekka var framleis beslaglagt som det lokale hovedkvarteret til Gestapo. Det stod ein gufs av uhygge frå dette huset.

I desse harde krigsåra grodde det fram ei samkjensle mellom alle, uansett stand og stilling. Sjølv om radioane lenge hadde vore inndregne, mangla det aldri oppmuntrande nyhende frå London. Dei vart spreidde munnleg og skriftleg og var kjærkomne vitamininnsprøytningar i mørketida.

Frigjering og fred

Så kom endeleg dagen alle hadde sett fram til - kapitulasjon og frigjering!

Allereie 7. mai 1945 gjekk flagga til topps i Odda - men det var 8. mai som var den store frigjeringsdagen. Folk samla seg på torget, det var hornmusikk, jubel og dans. Frigjeringa gjekk smertefritt for seg, utan alvorlege episodar. Dei britiske fallskjermsoldatane "Red Devils" tok saman med lokale heimestyrker kontrollen over dei tyske soldatane som var att i Odda - 330 på Eidesmoen og 600 i Skjeggedal. Myndegheitene avløyste dei få lokale nazistane som hadde fungert under krigen.

Krig og fred

Artiklar om krigen

Kjelder:

Odda i manns minne

Tyssefaldene AS si jubileumsbok "Tyssefaldene, kraftttak i 100 år 1906-2006" av Jan Gravdal og Vidar Våde.

Kraftmuseet sine arkiver.

Order this image

Share to