Rasulykka på Nese i Vik

Natta til 2. desember 1811 lausna bitar av fjellet som låg bak garden Nese. Innan steinane hadde nådd fram til garden, hadde dei utvikla seg til eit massivt steinskred. Skredet råka klyngetunet på Nese. 

folketeljinga frå 1801 finn me 15 hushald med tilsaman 76 personar på garden. Ti år seinare er det er forventa at omkring 60 personar held til på Nese - 45 av desse overlevde ikkje ulykka.

kyrkjeboka har presten notert hendinga og namna på dei døde. I kyrkeboka skriv presten at "10 ere fundne, og derefter den 8de December i Kirkegaarden begravede". Dei fann att fire til som dei kunne gravleggja, men dei andre 31 vart aldri funne. I kyrkjeboka har presten notert dei i ei eiga liste.


Av dei som overlevde, flytta dei fleste frå området. Dei som var att, reiste husa på eit tryggare område. I 2009 vart eit minnesmerke for ulykka avduka: 45 steinar henta frå rasmassane, ein stein for kvar av dei døde.


Les meir

Om skredulykka i Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet Sogn og fjordane

Om skredulykka hos NRK Sogn og Fjordane

Om skredulykka hos NRK Fylkesleksikonet

Om Lodalsulykkene - ras og flodbølgja i Loen


Share to