«Adresse» til Eystein Berge 70 år 1. juni 1949

Erling «Rimfakse» Øyehaug laga mange «Adresser» til runde dagar og jubileum i Høyanger. Såleis denne til min bestefar.

No skal det nemnast

med makt og styrke:

Din plass i livet,

I heim og yrke,

du trufast fylte

i sytti år.

No kan du kvila

deg ut, på kår…

 

Som ung du fengdest

av utferdstrongen.

Her heime ofte

var trongt, den gongen.

Til bygdefolk du farvel sa,

og sette kursen

mot U.S.A …

 

Og der var mykje

og sjå, og læra.

Og der var hundrede

ting og gjera.

Du bygde hus,

og du song i kor,

- men stunda heimat

til Norges jord…

 

So mang ei fristund

du nytta inne.

Ved høvelbenken

du var å finne

med hammar, høvel,

med bor og sag.

Og lagde møblar

var just ditt fag.

 

So fint i forma

Med ekte styrke!

Ja, det var motto

i alt dit yrke.

Og det var fastgrodd

i hug og sind,

- sjølv når du laga

ein rivetind……..


(Erling Øyehaug)


Eystein Berge f. Sande/Tangen - 1879 var gift med Anna Bertine f. Tangen 1882 (dei var søskenbarn)

Ole Bergesen f. 1839 gift med Gjørund Pedersdotter Klævold f. 1842  var barnlause, dei tok til seg Eystein og han fekk såleis namnet Berge.

Eystein var utdanna møbelhandverkar. Han reiste til Amerika i 1905 som møbelsnikkar - bygde kyrkje i Seattle. Der var han og med i Den Norske Sangforening.

Han søkte og om Amerikansk statsborgarskap, men fekk avslag. Kom heim i 1909 og gifte seg med Anna Bertine. Dei fekk 5 born. Gunvor f. 1910 - gift med Erling «Rimfakse» Øyehaug, Odd  f. 1912 - gift med Astrid Berge, Brynhild f. 1915 - gift med Sven Johannesen, Artur f. 1919 (død 1921) og Betsy f. 1924 - gift med Ivar Åas Oslo.

Eystein laga mange møblemang -skap-bord - stolar m. m. som er oppe og går i dag. Han laga også dei første skia til sine barnebarn - av bjørk.

Eystein døyde i 1950.

 

Vyrdsamt

Erling Berge - barnebarn.

Share to