History
-
Norheim-butikken i Naustbakken (nr3) spanderte kalendarar på kundane sine til jul. Det kunne vera ”Norsk husmorkalender” eller ”Ett år i Norge”. Under datofeltet var firmanamnet Johs. Norheim trykt på og vareutvalget KOLONIAL FEITEVARER SKOTØY MANUFAKTUR STEINTØY JERNVARER. Telefonnummeret var 735, og i løpet av 1955, skifta det til 4735 fordi telefonsentralen blei automatisert.
Kalendarane er frå 1951 til 1957 (1954 manglar).
NVIM har fått dei seks kalendarane av Dagfinn Lutro på Apold. Foreldra Olav og Gurid Lutro fekk gjerne varer med båt frå Odda (Olav O. Aga), men handla også ein del i Tyssedal som var nærast butikken sjølv om det låg på andre sida av fjorden. Dei rodde over fjorden eller fekk sendt med båten (Granvin) til Digranes og henta kassane der, for det var køyreveg mellom Apold og Digranes. Kundeforholdet hjå Norheim slutta meir då Eitrheimstunnellen vart tatt i bruk i 1962/63 og det blei køyreveg til Odda.Produksjon: 1951 - 1957
Relation
-
Object/Work – Components6 related objects
- ThingEtt år i Norge 1951 (NVIM-05718-1)
- ThingEtt år i Norge 1952 (NVIM-05718-2)
- ThingEtt år i Norge 1953 (NVIM-05718-3)
- ThingNorsk Husmorkalender 1955 (NVIM-05718-4)
- ThingEtt år i Norge 1956 (NVIM-05718-5)
- ThingNorsk Husmorkalender 1957 (NVIM-05718-6)
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierNVIM-05718
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedAugust 19, 2016
- Date updatedNovember 9, 2021
- DIMU-CODE021026531505
- UUID66233baa-dbc5-4220-8747-55399e285904
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».