History
-
- Knud Knudsen frakta fotoutstyr som kamera, glasnegativ, mørkeromstelt og kamera i denne handkjerra. Vigleik Svåsand fortel i Hardanger 1965, s. 339, at "han drog fotografiapparatet og dei andre effektane sine på ei handkjerre." Det er ikkje presisert at han nytta denne kjerra i Tyskland. Truleg stemmer det at han skaffa ho i Oslo og gjekk over fjellet til Odda eller Bergen, slik Olav Kolltveit har skrive. Etter Knudsen si tid, vart det slektningen (systersonen) Jørgen Tokheim som tok vare på kjerra og sette ho inn i Askanaustet då ho ikkje lenger var i bruk, mogleg omkring 1918. Då Odd Tokheim kort tid etter starta frukthandel i Odda og trong ei handkjerre, fekk han broren Jørgen til å ta av hjul og aksling på ”fotokjerra” og laga ein ny og meir høveleg karm. Jørgen hadde lite lyst til dette, men hjelpte broren. Den nye kjerra vart sidan selt til ein annan og vi kjenner ikkje til kvar understellet vart av. Då Askanaustet måtte rivast i høve utviding av Eitrheimsvegen, flytte Jørgen karmen inn til høyløa i Struten og då huset i Struten, Tokheimsvegen 6, skulle seljast, vart kjerrekarmen lagra på låvebrua / høyloftet til Arne Tokheim på br 3. I 2014 leverte Knut J. Tokheim, (f. 1925), karmen til Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum for permanent oppbevaring.
Eierskap
Bruk: 1862 - 1890 (usikkert)
- BrukerKnudsen, Knud (1832 - 1915)sikker
- HistoryFødt på gården Bustetun i Odda 03.01.1832, død i Bergen 21.05.1915. Hadde sannsynligvis lært fotografering hos M. Selmer i Bergen i slutten av 1850- årene. Etter studietur til Tyskland for å lære fruktddyrking i begynnelsen av 1860- årene, men hvor han også fotograferte meget, startet han sitt atelier i Bergen i 1864. Han fotograferte både portretter og landskapsbilder, men spesialiserte seg temmelig snart på det siste, og reiste rundt og fotograferte i mesteparten av Norge. Hans praktfulle landskaps- og folkelivsbilder ble en glimrende turistvare. Praktisk talt hele firmaets arkiv fra 1860- årene av var intakt, og hele firmaets arkiv ble våren 1975 kjøpt av Universitetsbiblioteket i Bergens billedsamling. Knud Knudsen var eigar av bruk 3 og 5 på Tokheim i Odda
- Adresse,Hordaland Odda Tokheim gnr/bnr 063 003
- ProfessionFotograf
- GenderMann
- NationalityNorge
- DigitaltMuseumSearch in «Knudsen, Knud»
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierNVIM-05652
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedAugust 13, 2015
- Date updatedAugust 31, 2022
- DIMU-CODE021025911079
- UUIDb17c01f8-3b1f-4bb3-b353-ec76b8da3951
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».