Part of exhibition
History
-
Iruswerke laga motorslåmaskinar/tohjulstraktorar frå 1928. Hustvedts Automobilforretning i Haugesund importerte IRUS frå 1953 til 1959. Då tok F.A. Underhaugs Fabrik på Nærbø over agenturet. Dei importerte Irus til 1970, frå då av selde A/S Erling Nesse traktoren.
Dette eksemplaret har Triumph motor, og er truleg frå 1950-talet. Då F.A. Underhaugs Fabrik tok over importen fekk dei Hirth- eller Berningmotor. Planen var at Underhaug skulle produsera Irus på lisens, det blei det ikkje noko av. I staden importerte dei traktoren nesten komplett og monterte hjula på Nærbø. Han blei seld under namnet Underhaugs tohjulstraktor.
F.A. Underhaug Fabrik utvikla og sette i produksjon mange av reiskapane til traktoren: Jord- og snøfres, plog, horv, hyppeutstyr, potetopptakar, tilhengar, og mykje anna. Reiskapane var tilpassa norske forhold. Underhaug sette sine fargar på dei, først mørk signalraud, seinare oransje. Dei kunne også fåas i andre fargar, tilpassa andre typar tohjulstraktorar.
Gjennombrotet for tohjulstraktoren i Norge kom først på 1950-talet. I 1949 var det berre 224 slike traktorar i landet, i 1959 heile 10 503 eksemplar. Talet forsette å stiga til 20 000 i 1969 og 22 000 i 1979. Kommisjonen som tok inn traktorar til landet etter 2.verdskrig hadde ikkje sansen for tohjulingane, kanskje fordi medlemmene kom frå Austlandet? Tohjulstraktoren blei viktig for Vestlandsfylka frå Hordaland til Møre og Romsdal, og for Nordland. Meir enn halvdelen av traktorane kom på små bruk i desse områda der tohjulingane passa godt i det bratte terrenget.
Dette eksemplaret fekk Jærmuseet av Arnvid Marklund i Sandnes. Han er restaurert av museet.
Traktoren er restaurert av museumshandverkar Sverre Skjæveland.
Ein av dei eldste som blei importert.
Produksjon: 1950 - 1960 (Motoren)
- ProdusentIruswerkesikker
- Production placeTyskland Dusslingen/Württembergantatt
Bruk
- BrukerNesvåg, Arnoldsikker
- BruksstedNorge Rogaland Lund Hauge i Dalane Nesvågsikker
Classification
-
- Jordbruk i sin alminnelighetOU 241
- LandbruksmaskinerOU 407
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierJÆG1991.10.01
- Part of collectionJærmuseet
- Owner of collectionJærmuseet
- InstitutionJærmuseet
- Date publishedJune 5, 2015
- Date updatedApril 3, 2018
- DIMU-CODE021025875897
- UUID449615f9-3abe-4d52-91ca-6ec7f833adda
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».