• Fotografi av Sivlesteinen på Stalheim. Bautaen vart avduka 20. juni 1909 av Anders Hovden. Den er fem meter høg, og det er innhogd følgjande sitat frå diktet "Tor Foleson": "Og det er det stora og det er det glupa at merket det stend um mannen han stupa". Per Sivle (1857-1904) er spesielt kjend for å ha skrive diktet "Den fyrste songen". Heimstaden hans var ikkje langt frå Stalheim. Fotografen er Normann.

Dette er eit digitalt eksemplar av eit foto frå biletarkivet etter "Norsk Allkunnebok". Fonna Forlag gav ut det nynorske leksikonet "Norsk Allkunnebok" mellom 1948 og 1966. Biletarkivet vart utlånt frå Nasjonalbiblioteket til Nynorsk kultursentrum, og kan kopierast og nyttast av sistnemnde etter avtale frå 2004.

Kjelde:
http://www.vossestrand.no/minnesmerker.htm?DID=733 (Lesedato: 07.07.2020)
https://www.allkunne.no/framside/biografiar/s/per-sivle//102/1119/ (Lesedato: 07.07.2020)
    Photo: Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Sivlesteinen på Stalheim

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to